Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg stabbar meg upp-yvi Bakken; styd meg paa Staven
min. Rett som det er sig eg i att til Mjødmine. Hm.
Her er ingin Veg. Berre Mistak. Farvel, Skier; Takk
for denne Gongen! — Det var daa som svarte,
kokande ... Naa; halde seg med Mod. Enno greider eg
det. No gjeld det aa finne att Vegen.
Eg vabbar Bakken ned-yvi att og finn Vegen.
So fomlar eg meg fram eit Stykke til nedanum dette
Bakkedrage. Med ein Gong høyrer eg Sus, Elvesus.
Underleg, døyvd Sus, liksom langt burte eller langt
nede; inne i Susen smaae Skvalp. Det isnar gjenom meg;
eg stanar.
Men so forstend eg kvar eg er. Det er Sivilla eg
høyrer; Elvi fraa Savalen. Eg er paa rett Veg. Den
som no berre kunde finne Brui.
For no minnest eg det klaart: her, attunder dette
Bakkedrage, gjeng Vegen yvi Elvi paa ei Isbru. Og so
eit lite Stykke uppetter paa den andre Sida; og so
hit-yvi att paa ei ny Bru av Is. Eg hugsar desse Bruine,
og det grys i meg. Like attmed deim er det store Hol,
der ein kann sjaa opne svarte Elvi djupt nedi... huh;
heller frjose ihel i Snøfonni enn tumle nedi der!
Som eg stend soleis og lyder og stirer etter Veg
myrk-nar det att; ein ny Snøkave kjem drysjande. Berre
ikkje bli rædd. Eg kastar Skreppa og segjer til meg
sjølv: me fær kvile og halde Krigsraad.
Ynkeleg trøytt er eg. Det skjelv i Knéi; Panna er
kaldsveitt, Tunga turr; — skulde det vera ein Drope
att paa Flaska? — Aa nei daa. Ja—ja; vert eg for
tyrst, so er her nok av Snø.
Krigsraad vert haldi, med kaldt Hovud og rolegt Blod.
Det er Uraad aa vaage seg ut paa Isen. Der er Hol i
Hol all Stad upp-yvi, so strid som Elvi her gjeng. Eg
fær baske meg fram gjenom Snøen paa denne Sida. Det
94
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>