- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
95

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kann kje vera meir enn eit halvt hundra Alnir eller so;
firti Alnir kannhende; so kjem eg paa Vegen att. Det
maa eg klara; ein kann det ein maa...

Skreppa paa Ryggen att; — hu, so tung som ho var.
Og so Hjarta i Live. Eg andar djupt nokre Gongir; legg
so i Veg. Um eg skal symja gjenom Snøfonni, fram
maa eg.

Men her i Lidi, framunder Bakken, hev Snøen lagt
seg i Fennar som det ikkje er Botn paa. Eg kavar meg
fram nokre Famnar; so sig eg ned-i til Armane.

Der sit eg. Eg er for trøytt. Orkar ikkje aa røre
meg. Skreppa tyngjer; Føtane er som valne. Aa, so
godt og mjukt det var aa liggje her. Eg kunde
sovne...

Tanken gjer meg rædd. Eg vil ikkje. Elvi klunkar
og græt i sine svarte Hol; Dalen er hustrin og trong;
det kunde koma Varg; eg kunde sige ned i Hola til ein
Bjørn ... uviljande dreg eg Føtane til meg.

Sovna eg her var det slutt. Og ho som sit heime og
ventar. Ho tek vel alt til aa bli uroleg no. Gjeng ut
paa Holmen og fær han Ola med seg, og ho Anne; dei
leitar ned gjenom Skogen med Ljos og Lykt... hyss;
høyrde eg Rop? — Nei. Det er Elvi.

— Nei; ikkje sovne her. Hadde det vori i mine
Ung-karsdagar —. Haah. Jøss; tenk, unne sine Vénir ei slik
Glede! — So fekk dei gratis ei kløkt Stund; og
Røde-Emne for fjortan Dagar... var det Ulykke eller
Sjølv-draap? Kvi drap han seg no? Var det hennar Skuld?
Ja er det kje det eg hev sagt? — Tull, Gut. Uppatt; du
er kje so trøytt enno. Eg maa daa kunna klara dette
her. Fint Vér og allting ...

Vinn eg ikkje heim, so kann eg alltid klara meg uppi
ei Sæter. Der kveikjer eg Varme og sit og kosar meg
til det er ljost; — eg hev vel Fyrstikkur? — Neigu. —

95

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free