- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
96

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ikkje Tanke til Fyrstikkur. D’er greidt. Hadde det vori
ein Gong naar eg ikkje hadde turvt deim ...

Fanden take Dygdi. Eg skulde vera klok og slutte aa
røykje; spara paa Helsa og dertil spara Mynt... No
kann den Dygdi koste meg Live. Eg hadde kje gløymt
Fyrstikkur i den Tidi daa eg røykte ...

Naa; Tull. Heim maa eg. Den vesle Snøkaven er
yvi; det ljosnar eit Grand; eg grev meg upp or
Snø-fonni og ned paa Isen.

Fær halde meg der. Like paa Iskanten; tett innmed
Land. Høyre meg fyri og kjenne meg fyri. Det kjem
vel med no, at eg hev denne lange Skistaven.

Her er det lettare aa gaa; Snøen gjeng berre uppaa
Tjukkleggen. Men tenk um det kom ein Varg hoppande
ned or denne stygge Lidi! — Hu, kva var det? Rørde
det seg ikkje ? — Tull. Vargen søv no han.

Eg stanar og lyder; er det Vatne eg høyrer, eller er
det for Øyro mine det syng? Eg vert rædd; det liksom
glor so svart mot meg fraa Snøen der framme. Krabbar
inn i Lidi att og dreg meg nokre Stig gjenom Fonni.
Nei; det er raadlaust. Ut paa Isen att. Eg stakar meg
fram med Staven Stig for Stig. Sveitten renn meg kald
ned-yvi Andlite.

Eg er hol og tom men ikkje svoltin. Torsten er det
verre med; eg tek meg ei Klype Snø so no og daa,
men vert berre tyrstare; læt det so vera. Du kann alltid
tola aa tyrste eit Par Timar; skal du døy i Natt, so vert
det ikkje av det...

— No skulde eg snart hava Vegen. Men eg finn han
ikkje. Leitar i Kross og Krok, att og fram, upp og ned;
ingin Stad fastare Grunn; alt Snø; laus djup Snø, mjuk
og tung som Ull. Og so er det inn i Lidi og symja i
Snø att, kvar Gong eg høyrer Elvegraaten gjenom den
svartstille Natti.

96

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free