Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det gjeng smaatt. Men det gjeld aa spara paa
Kraf-tine. Ande rolegt; taka det jamt; ikkje aaleite seg;
ikkje misse Mode. Vert eg rædd, er det ute med meg.
Og eg stakar meg fram Stig for Stig; kviler og andar
rolegt og langt; øver meg i aa sjaa ut i Natti med
trygge Augo ... Det er Buskar du ser, korkje Varg eller
Bjørn ... og ikkje Skrymt og ikkje Hallu ... det er
sjølvsagt ikkje Skrymt eg er rædd; men ein kann ikkje vera
trygg for sine eigne Innbilningar ...
Eg forstend sistpaa, at eg maa vera komin for langt.
Eg hev gjengi yvi Vegen og ikkje gaatt til han. Elvi
vaagar eg ikkje gaa lenger. Ho syng imot meg med
svarte Djuv allstad, tykkjer eg. Naar eg støyter med
Staven, skraavar det som i Skrauv-Is.
Daa er det berre ei Raad att. Frametter Lidi vinn eg
ikkje. Men um eg freista og koma uppaa Høgdi? Tvert
gjenom Lidi; rett upp? Øvst uppaa Bakkerése maa
Snøen vera mindre djup. Gud veit; kanskje kann eg
finne Vegen au der. Eller ei Sæter. Ein kann gjera
upp Varme med tvo Trepinnar, segjer dei...
Ein kann det ein maa. Symjande, krabbande, Fot for
Fot, i smaae Tak, baskar eg meg upp gjenom Snøfonni.
Kryp paa Kne, fløyter meg uppe med Skistaven;
Skreppa tyngjer; Raggsokkane bind meg! — eg Asen
som ikkje hev funni paa aa draga deim av meg; — sig
nedi stundom og vert liggjande; kavar meg uppatt;
kviler, pustar, skyt Hjarta i Live; freistar ein Gong til;
kjenner meg som eit Skogdyr, ein Bjørn med ei Kule i
Laare, ein Mann paa ein Planke i eit Hav; sistpaa
kjenner eg Snøen minkar. Eg kann gaa paa tvo att; andar
langt ut og fær Mod. Snart er eg paa Høgdi. Eit
kald-surt men friskt Vinddrag slær imot meg og stiver meg
upp. Snøen gjeng berre midt uppaa Leggen. Innunder
Furetrei er det mest bert; so legg eg Vegen min inn-
97
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>