Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
under so mange Tre eg kann finne; krøkjer meg fram
fraa Tre til Tre som ein Tjuv; kjem innpaa ein Mo der
det tek til aa liksom ljosne inn-yvi; det er visst eit
Vatn eg kjem til; den som visste... eg maa vera komin
ovanum alle Aasar. Men ei Sæter finn eg nok...
Kva er dette? — Fast Snø under Foten! — Veg? —
Vegen! — Eg er berga! Eg er kje det slag trøytt. Eg
kann gaa ei Mil til, um so skal vera. Pytt san! Men
denne Sjøen daa? Og desse store graae Steinane? —
Hjarta tek til aa hamre i meg... Aa nei; det er berre
Tuvur. — Nei; det er Steinar. — Nei... ved Kong
Potifar... det er korkje Tuvur eller Stein. Det er
Naustr. Naustr er det. — Naustri??
Ja; det er Naustri. Det er Sivil-Osen. Det er Savalen.
Det er Vegen; rette Vegen. No berre ei halv Mil
inn-yvi flate Sjøen, so er eg heime. Det er som Skreppa
lettnar paa Ryggen no. Ikkje denne Gongen, sa
Tordenskjold! —
— Eg var gul i Andlite daa eg steig inn paa Kolbotnen
den Kvelden. Eg stabba burt til Gruva, seig ned paa
ein Stol og kunde so vidt faa fram eit einaste Ord:
«Vin.»1
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>