- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
99

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skreppa er tung, og endaa eg maa agte mine Øyro so eg
ikkje frys deim av meg.

Det kann visst vera upp-til ei 40 Reamur-Gradir i
Solrenningi. Det er so kaldt at ein hoppar og sprett som
ein Fisk til aa halde seg varm. Men Overfrakke brükar
eg ikkje; det vilde vera Synd, det, i slik sprakande frisk
Luft. Berre ein vinn røre paa seg, so frys ein ikkje —
utan paa Øyro.

Og no tek Soli til aa straale yvi det endelause
Snø-have. Det er Luftblaatt og Solgull og Snøkvitt i ein
smellande Glans. Daa lettnar det um Bringa um ho er
aldri so tyngd; og ein ser ut yvi alle ljose Viddir og
undrast paa um det er sant, at det finst Sut og Sorg
paa ei Jord som fær liggje og strekkje sine kvite Lemir
i slikt eit Bad av Sol og Æther.

Naar eg paa Vegen heim-att kjem so langt som til
Osen, ligg Soli yvi Einundfjell og skal til aa gaa ned.
Upp mot den øvste Ryggen av Naustrdalsaasen stend ei
Toll; reint for seg sjølv stend ho der uppe i Snøen; naar
eg fraa Osen fær sjaa den Tolli i Solegladsroden, er det
som eg i eitt Bilæte ser heile denne straalande
Fjell-vinteren vaar. Ho ser ut som eit Tre av Gullglans mot
den innblaae Sudvesthimilen; eg stend og stirer paa dette

Undrsyn og sig burt i Draum.

*



Fyrr naar eg kom heim fraa ei Ferd hende det jamt,
at ho Hulda sat og sauma, men reiste seg og gøymde
Saumen naar ho saag meg; og ho rodna eit Grand, men
smilte so underleg.

No sit ho med Saumen jamt, ved det same lange
Borde som eg brükar til Skrivebord. So kann det hende
at ho viser fram eit eller anna halvferdugt lite Plagg og

99

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free