- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
100

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

spyrr um eg kann forstaa kva det skal vera til. Eg
glor og slær meg faamin. «Jøss,» segjer eg; «du syr
daa vel kje Brok til Sjapa?»

Elles røder me baae tvo no um han vesle Fyren som
skal hava alle desse rare Ting; for det er Gut; det veit
ho. «Kor kann du vita det ?» segjer eg. — «Jau; eg veit
det.» — «Det er vel av di du helst vil det skal vera
Gut.» — «Nei eg er stød paa det er Gut; eg kjenner
det er Gut; ei Gjente vilde vera rolegare.» — «Ha-ha.»

— «Det er sant!» — «Er han so uroleg, denne daa?»

— «Aa han spenner meg so, at —; her igaarkveld sat
eg med eit Avisblad paa Fange, og so spente han meg
so Blade datt ned.» — «Tøv.» — «Det er beint fram
sant. Blade datt ned av Fange paa Golve, endaa eg ikkje
rørde meg. Eg snakkar alt med ’n stundom.» — «Kva
segjer du til han daa?» — «Eg segjer det er stygt av
han aa spenne Mor si.» — «Heh!»

— «Eg er viss paa du au helst vil det skal vera Gut,»
segjer ho. — «Du vil daa det?» spyrr eg. «Aa ja. Isj;
det er vondt for deim som skal vera Kvende.» ■— «Ja
men Gutane er verre aa styre, dei.» — «Aa pytt.» —
«G jen tune er stille og snille; men Gutane finn paa alt
som gali er.» — «Han skal faa vera som han vil, berre
han blir frisk.» — «Og so maa der vera Vit i ’n!» —
«Aa; det fær vera som det kann. Dei kloke fær det
sjeldan godt, trur eg.» — «Naa; me vil endaa helst vera
kloke. Men no er han som han er no; der er kje meir
aa gjera ved det.» — «Aa, han blir nok frisk.» — «Men
so blir han ei Udygde; flyg etter Gjentur og slikt...»

— «Ja det vil eg daa tru!» — «— og det kann gaa gali
paa mange Maatar.» — «Ja han maa kje bli altfor
ustyrin; men eg vilde nok gjerne han skulde bli lite Don
Juan.» — «Vil du det? — som sjølv er Kvinnfolk?»

— «Ja han skal kje vera altfor leid med Gjentune,

100

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free