Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skynar du, men... Aa, dei blir nok glade i Dutten min,
skal du sjaa!» —
— Vaart eigi Liv kjem me ofte innpaa. «Er det kje
rart at me aldri saknar Folk her uppe, du?» kann ho
spyrja.
«Det er utrulegt.»
«Den einaste er Savalguten. Ja-ja; det er gildt naar
andre og kjem.»
«Ein kjenner seg i Grunnen aldri aaleine her, nei.
Kannhende det er Skogen.»
«Ja der er Selskap i Skogen; det er visst.»
«Ja. Han er liksom —. Han stend her so logn og
trygg ikring Stogo og susar og syng og er med i dette
Live vaart... og so er der det gode ved Skogen at
han aldri segjer noko; ikkje bryr oss med Snakk; ikkje
bed oss til Middagar der ein skal vera elskverdig og
snakke Politikk og Kvinnesak og døme Bøkar... Han
berre stend der og susar, han, og tenkjer paa sitt, og læt
oss tenkje paa vaart; tegjer til alt og liksom forstend
alt... ein vert glad i Skogen.»
«Ja og so denne Peisen. Den er det og Selskap i.»
«Det er og slik ein god Vén som tegjer og skynar.»
«Ja naar det brenn paa Aaren, er ein aldri aaleine.
Eller berre det ligg og gløder og gløder... det er
liksom eit stort Auga, som ser paa ein og tenkjer paa
Raad.»
«Ja den Aaren. Det vert noko for han ,Dutten’ det
— som du kallar han.» —
«Aa —! Ja det blir noko for Dutten det!»
«Tenkjer nok det. Men so vil han uppi; og so brenner
han seg; og so skrik han.»
«Aa pytt; eg skal nok passe Guten min eg! — Aa
nei, so rart som det er aa tenkje paa, du!» —
Ikkje minst vert det Samanlikning millom fyrr og no.
7 — Garborg VIII.
101
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>