- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
103

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den store brune Kassa me brükar til Matbu; ho er
falmende bleik og bed um Vatn.

Ho fær Vatn og kjem seg aat Sengi. «Eg heldt paa
aa uvita,» segjer ho.

Um ei Stund er ho uppe att. Men ho er veik i det
heile. Ho hev Ridir med Hovdaverk og Svimring, Angest
og Graat.

«Eg klarar det ikkje,» meiner ho. «Eg er viss paa eg
døyr. Det hender ofte at dei døyr fyrste Gongen.»

Eg finn paa alt eg kann til aa friske paa Mode. «Det
er nok dei som døyr; men det er helst Bykvinnfolk som
hev pint seg so lengi med Korsett at Innreiden er komin
i Ulag. Du er stor og sterk og hev kje havt Korsett
paa din Kropp i fleire Aar ...

«Nei Gudskjelov; det er det som trøyster meg no.
Tenk... um han skulde faa lide i kanskje heile sitt
Liv, av di Mor hans endeleg maatte vera stram og smal
um Live — uff; eg k a n n kje forstaa at dei kann halde
ut aa tenkje paa det. Skulde nokon misse Live, so
maatte det vera slike!»

«Ja, ja; dei vert straffa paa Live og ofte. Eller pinte
i Dagevis, so det var mykje lettare aa døy.»

«Og Doktrane som ikkje forbyd det! — Dei skulde
misse Live fyrst!»

«Aa ja; det kunde vera gagnlegt, kannhende.

Men du skal kje vera rædd. Den som liver paa
rimeleg Vis, so er kje ei Barnseng so faarleg. Sjaa
Bonde-kjeringane! Sjaa ho Anne! Ho legg Ungen fraa seg so
ekspedit at der vert ikkje so mykje som Tid til aa hente
Jordmor. Og Finnemødrane! Dei slengjer seg ned i
Snøfonni og yngjer naar dei hev ei Stund; og so tullar
dei Ungen inn i eit Skinn og tek sine Ski og stend ned
alle Bakkar til dess dei kjem dit dei hadde tenkt seg, og
hev ikkje gløymt Ærende sitt dessmeir!»

103

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free