Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ner eg — og er eit framifraa Mannsemne. Han kann
godt sjaa Skilnad paa oss og anna Folk; og han vil ikkje
vera hjaa andre enn Mor si og Far sin. Det einaste kann
vera han Esten Vangen; han fær Lov til aa halde han
sume Tidir; men so hev no han Esten reint eit sers
Barnelag han, og hev dessutan gjort Stol til Tuften, og
Hest, og Mann, og ei Ranglegreide; so det er ikkje noko
rart at Tuften vil vera hjaa Vangsen. Men at han vil
vera hjaa meg —! Det maa vera av di han hev betre
Vit enn Folk flest og forstend, at eg ikkje er so leid som
eg ser ut til.
Og so finsleg som han er! Kanskje du trur han gjer
seg ut i Reivane, du? — Ha-ha. — Ja det kann vera
naar han hev vondt i Magen; daa kann det hende noko
av kvart Slag baade for den eine og den andre, veit me.
Men elles ventar han til den Tidi kjem daa Mor hans
klæder og steller han. Daa held ho han frem, og daa
læt han det gaa, — paa Golve der slikt høyrer heime.
Ja han er pertentleg. Reint tærtefin; plent som ei Dame.
Blir det ikkje noko sers av honom, so skal det vera rart;
men so er han no ikkje «Kolbotn-Prinsen» for inginting
heller, veit eg.
Og so ven som han kann vera naar han smiler og lær.
Og jamenn hev han alt slikt Vit paa Moro og Leik, at du
skulde aldri tru det. Naar Mor hans læt han «jide
janke», og ho kjem til dei tvo smaae Vowov’ane som
«ligg under Omnen og segjer: vov! vov! vov! —
vov-vov-vov-vov!» — aa, so hjarteleg godt han lær; higrar
og lær; det er som Fuglekvitr og Killingdans, naar han
sit slik og jublar og hoppar paa Knée til Mor si.
«Ja, ja; læ du,» segjer eg; «du fær tidsnok graate»;
eg skal liksom vera den gamle og vise, eg no, maatru;
og det er slikt dei gamle hev aa gjera, veit du —: skiple
Gleda for deim som kann vera glade; blande graatt og
107
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>