- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
108

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

surt inn i Solskine for deim som enno er so sæle at dei
hev Soli.

Elles er Tuften alt den Kar at han gjer Nytte for seg
i Verdi; gjev Far hans kunde segja det same um seg! —
Han stend Modell til ein av Personane i den nye Boki
mi; og det gjer han baade godt og grundigt. Men her
kjem eg sant aa segja inn paa Udygdine hans, og dei vil
eg ikkje tala um i Dag; i Morgo eller sidan ein Gong
skal eg fortelja deg um deim; i Dag er han Høgtidsbarn.

— No skal ho Hulda reide upp Vogni hans — han
brükar Barnevogni si til Vogge —; «no Tuften gaa til

Papa!» — «Ba—ba—ba—ba» ...

*



Nokre dagar seinare.

Du trur vel ikkje eg duger til Barnefostre, du. Du
undrast paa, at me ikkje fær oss fat paa ei Gjente til
det Arbeide.

Aa, me hev freista med det au. Der er ei lang Sogu
um det, og det kann eg gjerne fortelja.

— Me budde paa Tynnset, veit du, i den Tidi me
venta Smaatt, — hjaa han Per Østgård paa
Heimatæ-Sida.

Der hadde me eit Hus for oss sjølve, Stogu, Kjøk
og eit stort Loft; ho Hulda gjekk i Kjøken og stelte
Mat, og eg sat paa Lofte og skreiv ferdug
Uforsonlige.

Ho Hulda vart veikare og veikare; og so tok me til
aa høyre oss um etter Gjente daa. Men i den store
breide Tynnsetbygdi var der ikkje Gjente aa finne.

Tynnsetgjentune held seg for gode til aa tene. Vert
Armodi so stor at dei ikkje kann gaa heime lenger, so
fer dei til Amerika og tek seg Tenest der. Det er gildare

108

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free