- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
109

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det, liksom. Vil ein hava Tenestegjente i Tynnset, so
maa ein til Tyldalen eller til Gudbrandsdalen, eller heilt
til Sverig.

Jau; so høvde det seg so, at me sistpaa fekk Spurlag
paa ei Gjente. Ho skulde vera noko uppi Aari, og lika
kje lenger det tunge Slite paa ein Bondegård; ein
lettvinn, roleg Plass som den hjaa oss kunde nettupp høve
aat henne. Men ho kunde kje koma plent no.
Kann-hende me kunde drygje so ei fjortan Dagar?

Naa ja; me fekk det daa.

Ei Tid etter fekk me Bod um, at Gjenta kunde kje
koma um fjortan Dagar heller. Ho hadde vridi den eine
Handi si; fekk sjaa naar den vart god att.

Me drygde og drygde. Ho Randi burti Stogo, Kona
hans Anders, hjelpte oss med Vatsbering og Ved naar
ho hadde Stundir; og var ho Hulda for klen til aa staa
i Kjøken, tok eg Spand og Korg og rusla ned til
Stasjonen, til Jarnvegshotelle, og henta Nonsmat.

Langt inn lengi hadde me Bod nede hjaa Gjenta og
spurde um, ho kunde lova oss noko visst no snart. Mm
—nei; Handi var ikkje fullgod enno, den. Naar ho
tenkte ho kunde koma daa? — Mm—ja; ho visste kje
det. Ho fekk no sjaa daa.

Dette vart oss noko uvisst. Og so fekk me høyre at
det kanskje kunde bli Raad ein annan Stad. Det var
tvo halvgamle Gjentur som ikkje tente lenger, men
«gjekk Lauskarar», d. v. s. tok lettare Arbeid for
kortare Stundir; me kunde vel faa ei av deim, vart det oss
sagt; daa visst for ei Tid, til dess den andre kunde
koma

Me hadde Bod til desse Gjentune. M—ja.... ikkje
so plent umogeleg det, kanskje. Den eine av deim lova
endaa at ho skulde sjaa upp til oss, so me kunde talast
ved; ho skulde koma trast yvi Helgi.

109

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free