Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Me venta til yvi Helgi. Ingi Gjente. Me venta Dag
etter Dag, Viko ut; endaa ingi Gjente. Ikkje so mykje
som eit Bod diheller. So vart det me som laut skikke
Bod. Daa fekk me det Svare at Gjenta vilde kje. Dei
vilde kje nokor av deim.
Me hadde Bod hjaa den fyrste att; var ho ikkje snart
god i Handleden no daa? — Mm — aa, ho var no full’
alltid det daa, s’ju. — Um ho snart vilde koma daa? —
Mmm... ho hadde kje tenkt paa det. — Men hadde ho
kje lova ? — Mm — aa... ho var komi av det att.
Ho hadde misst Hugen. Ho vilde helst vera der ho var.
So stend me der. Hulda kunde bli liggjande kva Dag
som helst... Me gav oss til aa lyse etter Gjente i
Bladi.
«Jau; so kom det ei. Ei einaste ei. Og ho var fraa
Tydalen.
Det var ei diger, firkanta Budeigje paa sekstan Aar.
Hadde aldri stelt i Hus fyrr; kom like or Fjose. Laga
Mat? — Jau det kunde ho vel, endaa ho hadde aldri
forsøkt det. — Stelle eit Barn? — Aa jau; det kunde
ho visst; men ho hadde kje gjort det fyrr. Kor mykje
ho skulde hava i Løn? — Aa ho fekk vel hava paa Lag
som andre Innegjentur. «Ja men kjære deg, naar du
ingin Verdsens Ting kann?» — «Ja ... han Lars
Øvst-imostugunn hev no og tinga paa meg daa, og han
Ber-sven Nedstimostugunn med; eg fær vel gaa til ein av
deim, eg daa.» Ho Hulda tinga kje meir. Ho gav henne
Festepengar og fekk henne til aa skrive under med
Svart paa Kvitt, at daa og daa skulde ho koma. «Ja men
eg vil berre vera her ein Maanad for det fyrste,» sa
Gjenta; «likar eg meg ikkje, vil eg gaa att.» — «Ja,
berre skriv under,» sa ho Hulda.
Og so hadde me Gjente! —
— Ho bar Vatn og Ved aat oss; meir kunde ho ikkje.
110
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>