- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
112

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Me stelte oss so, at eg skulde hava Guten um
Ettermiddagen, so ho Hulda kunde faa sova daa; like eins
skulde eg passe han um Kveldane utetter til Midnatsbil;
Resten skulde ho klara sjølv, meinte ho. Ja; me freista.

Men daa dei leid av ei Tid, og ho Eline var attkomi
fraa Røros... det var kje so greidt aa klara det som
me hadde tenkt... daa tok me til aa slaa innpaa um,
at ho Eline godt kunde faa koma hit att, um ho vilde.
Men so ein Dag vart det oss sagt, at Strype’n hadde
stedt Eline burt hjaa han Per Langmyraasen til
Bu-deigje.

*



Ja, ja; «de Ugudelige have mange Plager,» som det
stend. Men alt maa vera godt nok, so lengi Tuften
klarar seg.

— «Tuften», ja; han heiter so til Kvardags. Arne
Olaus Fjørtoft er han døypt, og han hev elles so mange

Namn som Dagen er lang; men «Tuften»–

Døypt ja? Det segjer seg sjølv. Det var best aa
gjera den Stasen av med same; so slepp han aa bli
døypt paa Tukthuse ... me liver i eit fritt Land, som du
veit. I Tynnset Kyrkje er han døypt; han Presten som
er so glad i oss, hugsar du, døypte’n: Fadrane var: ho
Randi, Kona hans Anders, og ho Karen, Syster hans
Per; og paa Mannfolksida: han Anders, Mann hennar
Randi, og han Ivar Matlaus, Ungkar og Savalgut. Og
Namn fekk den vesle, so det berre knaka i den gamle
Døypefunten.

Ein gong i Verdi gjekk det tvo unge Gjentur inn-i
Kristianiaby og var uppglødde for alt som gjævt var;
ein Bokmann som dei i den Tidi sette høgt heitte Arne
Garborg; og ein Dag svor dei i Løynd og Helgd, at den
fyrste Guten deira, um dei fekk nokon, — han skulde

112

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free