Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
heite etter denne Bokmannen. Det er vel det gildaste
Gjentune veit aa lova, det, kann eg tru, paa Lag som
Kvinnfolk i gamle Dagar av Glede eller Sorg yvi det
eller det lova burt sine Fyrstefødde til Gud eller
Hinmannen. Den eine av desse tvo Gjentune var ho Hulda.
Og soleis gjekk det til at Guten vart heitande Arne.
Men eg, som ikkje var fullt so uppglødd for den
nemnde Bokmannen som desse jaalute Gjentune, eg
meinte at Guten laut faa et anna Namn au; eit godt
Namn. Og so var der ein Mann som eg paa min Kant
sette høgt: den altfor snart burtdøydde Maalmannen og
fyrste norske Sosialisten Olaus Fjørtoft. So kom
Guten til aa bera hans Namn med. Og eg sat i Tynnset
Kyrkje og hadde mi Moro av, at Presten laut nemne
tvo so fæle Namn i Guds Hus, — lyste Naade og
Miskunn og ævugt Liv yvi Olaus Fjørtoft og Arne Garborg,
tvo Mennar som han i sit Hjarta visst dømde ned-i
Hel-vites alradjupaste Kjellarhol.
— Men av Fjørtoft er «Tuften» laga. Det er slikt eit
høvelegt Smaagutnamn, dette; Tuften er paa norsk det
same som Nissen; og ein litin Nissegubbe er han, —
Troll-ungen.––
Fjorde Breve.
Kolbotnen 5te Juni 1889.
Gode «Fedraheim».
Dagane veit eg ikkje. Me hev gløymt aa kaupe
Al-nakke, og er daa dagville rett som det er.
Det hender at det kjem eit Menneskje, so me kann
spyr ja oss fyri; men det maa helst vera eit
Bymenne-skje; Fjellfolk hev for det meste anna aa tenkje paa.
Elles hjelper me oss med Reguladetri: tek dei Bladi
som sist kom og reknar etter deim: naar det var den
113
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>