- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
114

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3dje sin Torsdag, kva skriv me daa i Dag, som er...
Tirsdag visst? Men er Bladi burte — dei vert nytta til
mangt, dei —, so stend me der, til dess nye kjem.

Byfolk og Breidbygdingar vil flire aat slik
Fjell-mannskap; tenk! gaa der uppe raadlaus for ei Alnakke,
naar ein hev Posten inn-um Dørine annankvar Dag!

Tja. For det fyrste hev me 3—4 Fjording Veg etter
Posten. Og for det andre so fær ein det med Ro og
Tolmod her uppe.

Det er Høgfjelle som gjer det, trur eg.

Stødt og fast stend det gjenom Tidir og Endeløysur.
Rikkar seg ikkje. Stormar kjem farande som dei vilde
velte Verdi; Tora skangrar og smell; Is legg seg og
losnar med Brot og Brak; Flaumar flyg upp og flyt
burt; Vinter og Vaar og Sumar og Haust fer og kjem
att; Fjelle stend. Sol og Maane og St jernur sveiver seg
og sviv; Skogen veks til og rotnar burt; Elvar grev seg
Veg og Votn gror til Myr; Myr vert Aakr og Aakren
vert Heid; Fjelle stend. Ættir og Folkeslag skifter,
aukar og minkar, sjuknar og frisknar, fødest og døyr;
Aldrar og Ævur kjem og kverv; Fjelle stend. Sistpaa
vert all denne Skifting so lite sætande. Inkje aa bry
seg um. Det er Utside og Skapnad som skifter, Skodde
og Sky som sankar seg og spreidest; Grunnen,
Grunnlage er som det var og vert som det er; me liver i
Æve-heimen.

So sig det innpaa oss, dette endelause Tolmod som
aldri hastar. Det er so stutt fraa Aar til Aar. Desse
Skyflokane som samlar seg spreidest snart; og so er
det som fyrr att.

Ein lærer seg til aa rekne med romlege Tidir. Dagar
er inginting, Vikur og Maanar lite nemnande; det ein
kann fara til med er Aarstidir og Aar. Berre til aa læ
aat for ein rett Fjellmann er denne andpustne Byhast

114

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free