Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som fer med Tunga ut i Tandgarden og pæser og
sveittar og reknar med Timar og Minuttar og knapt hev
Stundir til aa snakke med Folk; alt maa vera avgjort
og uppskrivi strakst, strakst, og so ajøs, — lengi fyrr
ein Fjellmann vilde vera ferdug med Innleidingsformine.
Denne Hasti gjeng av oss her. Me veit at Verdi stend
der ho stend, anten Klokka er fem eller sju, og at ingi
Kjering ligg daud, um det og det ikkje nettupp kjem i
Stand til den fyrste November. Tvo til tri Maanar er
det minste ein Mann kann hava aa laupe paa; og ein
avtalar aldri noko annarleis enn so «til Vaaren», til
Vinteren», «til Siimars att», eller «ein Gong naar det
kann høve».
Er ein komin inn i dette, so gjeng det utruleg godt.
Og det kjem eit Lag yvi deg, ein Sleng, so Bymannen
flirer. «Aa-i-haa! Dra paa! Kjem me kje so braadt,
so kjem me seint og smaatt; og vert det ikkje i Dag, so
vert det naar alt kjem i Lag; og vert det ikkje daa hell,
so kjem me no full’ lell!» — spottar Bymannen. Men
det bryr ikkje me oss um.
Süme tek det kannhende stridt rolegt; det kann bli
meir av det gode enn godt er. Og daa kann han Lars i
Lia hava godt av aa lære eit Grand Hast; men Byhast
vert det ikkje.
Yngre Folk tek elles til aa faa ein Tanke um Tid no,
skynar eg. Jønnvegen med sine Minuttar er vel Skuld i
dette, um Togi aldri so mykje stend og sleng upp-etter
Stasjonane her og liksom ikkje veit korleis dei skal faa
Ende paa Dagen. Men um det kann vera godt for
Fjellmannen aa faa eit Grand meir Hast, so vilde det for
Bymannen vera endaa betre, um han kunde faa i sig
noko av den store Fjell-Ro.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>