- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Er me stundom dagville, so er me oftare timeville. Mi
Klokke hev stana for ollo; og Kona si gjeng, men vert
sjeldan dregi upp. So at skal me ein Gong ha Greide
paa Klokkeslætte, so er det aa sjaa paa Soli. Og er den
burte, so kjenner ein etter paa seg sjølv, um ein er
svoltin eller svevnug. Men vert ein ikkje vis med det,
so er det i Grunnen det same med heile Timerekningi.
Det er aa liva som Bjørn i Skog, dette; og at det er det
beste, veit eg fraa den Tidi eg var i Byen og for og
dansa etter Klokkevisaren all Dagen: aldri hev det vori
mindre Tid for meg enn det daa var.

— Ja den Klokka, du! Folk hadde det mykje betre i
dei Tidine daa det ikkje fanst sovori.

Og det same kann ein visst segja um dei Tidine daa
det ikkje fanst Bøkar. Meir og meir kjem eg til det, at
Prentekunst-Uppfinningi var eit nytt Syndefall, mest
endaa verre enn det gamle. Denne Johan Gensfleiseh,
Gutenberg som dei kallar han, —• eg kann aldri tru anna
enn at det hev vori Styggen sjølv, som kom att i ny
Håm og lærde Folk aa eta av Kunnskapstrée paa ny
Gjerd; han totte vel ikkje han hadde fengi øydelagt oss
nok fyrste Gongen. Men so fekk han gjort det dess
betre no. For med Prentekunsten byrjar den
Nedgangen som det i denne Tid er komi so langt med, at det
knapt finst ei Tenestegjente lenger som ikkje vev
Romanar eller spinn Vers og harskar seg paa desse
Bok-reidar-Toskane og denne Saueflokken til Aalmenning
som ikkje hev Sans for Poesi; isj da!

Ja hadde ikkje Prentekunsten vori, so hadde kje eg
heller siti her no og laga Bladmat til deg, i Staden for å
drive paa med Gagnsarbeid.

Du legg Fingren paa Nosi og undrast med deg, kva
Gagnsarbeid vel eg skulde kunna duge til. Og lat so
vera; det vilde visst ingin leige meg til Arbeidskar, um

116

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free