- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
117

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han so fekk meg for Maten. Altfor mykje gjeng det paa
denne nye norske Maaten med Draumar og Skryt um
det ein vil gjera, og sju Sorgir og aatte Utdrygjingar
naar det gjeld um aa faa det gjort. Men eg kann daa
innbille meg, at eg gjer Gagnsarbeid stundom.

Og daa trivst eg. Aa, det er godt for slik ei
Bok-Krøkle aa faa fikte eit Grand med Spade og Grev; kann
ein ikkje faa anna gjort, so fiktar ein daa so lengi til
dess ein fær drivi ut dei Djevlane som kallar seg
Tankar; dei kjem so burt for meg, at eg hugsar ikkje deim.
I Staden vert Hügen min fyllt med Sümardis og
Sumardraum; eg gjeng i eitt med Live ikring meg. Aldri
for-stend du Fuglekvitring og Gaukegal og Bjelleklang i
Lidom og Hauking fraa Høgdir og Rauting og Rop fraa
Aas og Fjell og Bekkjesikl og Skogsus og Surring av
Humle og My og Fly, — aldri forstend du det so godt
som naar du stend med Hakke og Spade og driv paa so
Visdomen din somnar av; all igjenom vert du roleg og
trygg; Sümardagen med sine varme Angar av Jord og
Vokstr og Myr og Skog sviv deg gjenom Hügen lett og
ljos, og frisk og god som Guds eigin Ande.

Det er noko anna enn aa sitja og kline med Blekk, —
um det elles maa vera einkvan til det au, veit du. Eg
vil berre spyrja deg kva du vil gjeva meg for den
Maal-trosten, som sit her ned i Bjørkelidi og lær og snakkar
og plistrar og syng, og fær Svar av Vén sin der burti
Holmen, burtanum Sunde, — held paa utetter Kvelden
so Lufti bivrar av Song, og det Song som ein ikkje
tarv klappe til? Gjev du meg alle dei vene Dikti som
er skivne i Verdi, fraa Sakuntala og Kalevala til
Maeterlinck og Verlaine? — Stakkars deg. Hev du kje
meir aa gjeva, so gakk heim og legg deg; det vert ingin
Handel med oss.

*



8 — Garborg VIII.

117

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free