Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Minst duger eg i Morkenn paa heite Dagar, naar Soli
lumrar um Øyro og My-Svermen stend ikring meg som
ei Sky, og surrar og svirrar og elter og stikk, med
Broddar kvasse som Syl og Naal; pirkar og stikk utan
Ende og Stans, i Nakke, kring Øyro, paa Skalle og
Nasatipp, i Augnebrun og Haar, paa Hendar og Hals,
gjenom Sokk og Skjorte; eg fær ikkje gjort mest nokon
Ting, anna stend der og fiktar og baskar og driv til meg
sjølv baade her og der, liksom hin Fanten du veit, han
som hadde havt so mange Ordenar i sine
Velmagts-dagar. Etterkvart vert eg so upp-stukkin, at heile
Karen er Prikk i Prikk og Blæme i Blæme; og eg rispar og
klaar so eg riv meg mest sund.
Andre Mødur kjem attaat. Saare og sprukne Hendar;
Blørur so vonde som dei var fulle av Eiter; ein Rygg
som styrdnar og styrdnar og sistpaa verkjer som han
vilde fata Eld. Mykje er der i det heile aa arbeide seg
baade ut or og inn i; Kropps-Arbeid er den beste Skulen
i Tolsemd og Traaleik som eg veit um. Og di betre du
held ut, di meir Kar vert du, og di meir toler du. Men
anten du held ut eller gjev upp: so mykje lærer du, at
naar du sidan raakar ein Arbeidskar, so tek du Hatten
av deg for denne Medborgaren; du veit no, at det
kostar likso mykje «Studium» aa lære Hand-Arbeid som
det kostar aa lære aa tyde Lovir eller aa lækje
Maga-verk.
Eg vil ikkje fortelja um kor ofte eg misser Mode og
gjev upp, utmødd og dertil skamfull, av di det so altfor
mykje vert berre Barneverk og Tufs, det som Arbeid
skulde vera; for lengi hev eg siti paa Skulebenken og
Skrivekrakken no, maa tru. Men gjev eg upp i Dag, so
tek eg paa att i Morgo; ho lokkar og dreg, den frie
Morkenn: Dat. Eintal av Mork (Mark).
118
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>