Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
pok-pok-pok-pokker-ta! Og so Hanen: Kykeliky!
Sol-er-i-Sky —! Og so Tuf ten: æ—æh! bæ—æh! mæ—æh!
— me maatte vakne um me laag i Gravi. Ikkje svært
blid stod eg upp; gjekk ut og jaga Hønsi paa Skogen;
med Torv og Stein og brennande Bønir dreiv eg deim
so langt eg kunde faa deim og ynskte deim eit Stykke
til... So inn att og freiste aa sova, endaa Soli stod
høgt yvi Tronfjell.
Tri Minuttar etter stod Hanen utanfor Vindauga og
song upp som paa den yttarste Dag: Kykeliky—y!!
Sol-er-i-Sky!!!! Og Hønune kakla og kjekla som norske
Avisur: bøtt-bøtt-bøtt-bøtt-ga! —
pokk-pokk-pokk-pok-ker ta! — og so Tuften; og so Hanen; og so Hønsi...
Ja det var Liv.
Me var snart so fornøgde av Hønseflokken vaar, at
me dømde han til Dauden. Men so vakna eit nytt
Spurs-maal. Kvar skulde me faa ein Skarprettar ifraa?
Eg er ein ugudeleg Kropp, som vil øydeleggje heile
Menneskja og daa visst det norske Folk; men hogge
Ho-vude av tri Hønur og ein Hane, det hadde eg ikkje Hug
paa. «Eg kunde koma til aa skjelve paa Handi,» sa eg.
Og han Erik, han som dreiv paa med Nystogo vaar...
nei; han vilde ikkje heller. «Hadde det vori i mine unge
Dagar!» sa han. So fekk me Tak i han Esten Vangen.
Han hadde kje heller Hug til aa slaa Høns ihel; men
so var det vel so, at han hadde endaa meir vondt av oss
enn av Hønsi, og so lova han at han skulde freiste lell.
Han tok Øksi og gjekk aat Hønsehuse. Men daa Hønsi
tok til aa galskrike, liksom ho forstod at det var Live
det galdt, — daa bleikna ho Hulda og bad for Udyri.
Stakkars rædde Fuglar; dei fekk i Guds Namn heller
liva ein Dag til. Og livde gjorde dei; det fekk me finne
Morgonen etter. Kykeliky-y! Sol-er-i-Sky!
Bøtt-bøtt-bøtt-ga ... pokk-pokk-pokker-ta ...
123
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>