- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
124

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han Erik hadde ein Timbremann med seg som heitte
Jon; denne Jon’n var slik ein glup Skyttar. Til honom
vende me oss i vaar Naud: um han ikkje vilde gaa heim
etter Byrsa si og skjote Hønseflokken. Jau; han Jon
gjekk etter Byrsa. Og Hønseflokken vart skotin, eitt
for eitt. Fyrst Hanen: han stod nedved Bekken og
tenkte paa inginting... døydde som ein Mann, utan
ein Sukk. So den svarte Høna; ho sparka litegrand. So
den store kvite; ho sveiv rundt um seg sjølv som ein
Topp og lagde seg attunder ei Tuve. Til Slutt den vesle
kvite; ho døydde utan Braak som ho hadde livt.

Hulda hadde rømt til Skogs, ho; der uppe gjekk ho og
skalv, og skvatt høgt for kvart Skott, liksom det var
henne me gjekk paa Jagt etter.

Eg gav vondt paa henne daa ho kom heim.
«Affektasjon!» sa eg. Jøss, eit Par Høns; det var daa au noko
aa bry seg um! Dersom me ikkje hadde havt han Jon
her, so hadde eg drepi deim sjølv; heile Hurven; som
inginting. Pytt; eit Par Hønsehovud!

«Det var visst godt at me hadde han Jon her lell,»
meinte ho Hulda.

*



Endeleg var Nystogo ferdug.

Eg flutte der ut med Skrivestelle mitt. Og med ei
Seng. For no maatte eg sova. Ho Hulda fekk lite seg
med si Middagskvild, ho. Ho var yngre enn eg og
sterkare enn eg; og det var mitt Hovud me skulde liva av
alle.

Skam aa segja det; men tri Maanar Skriving og tvo
Maanar Natte-Uro hadde gjort meg til den største
Krusling under Soli.

Eg høyrer kor godt du lær. Ha-ha; han vil vera norsk
Forfattar og toler ikkje slike Smaating! — Og du hev
Rett. Men kva skulde eg gjera?

124

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free