- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vén skreiv til meg og sa: ja, dette er godt og vel; det
visste me fyrr; men seg meg no greidt og endefram:
kor mykje e r tvo og tvo etter di Meining ? — Eg reiv
meg i Augo og spurde meg sjølv, um eg alt var so langt
komin at eg burde søkje meg Rom paa Daarekista.

Det vart August; det vart September. Himilin vart
haustbleik og kald. Bjørkine sjukna rundt Sjøen. Folk
og Fe drog heim fraa Sætrar og Sümarbuir. Me vart
aaleine.

Stuttare og stuttare vart Dagane; Nætane kolsvarte.
Alle Fuglar strauk rædde mot Sør. Det vart viddestilt i
Fjelle; so stilt at Bekkjesusen i Skogen høyrdest som
Skrik, lang skurrande During, syrgjeleg, skræmeleg
Galdresong. Sidan kom Hauststormane. Dei braut seg
mot Stoguveggine vaare i tunge Støytar og kvævt Brak
og tok Svevnen fraa oss; Rædsle fylgde deim og Tankar
um Dauden. Bjørkine vart rustbrune og feilte sine Blad.
Burtanum Sjøen i kveldmyrke Holt ula Hubroen. Det
vart hustre i Einvera; det kjendest fæslegt aa gaa her
og svive rundt um seg sjølv i bjørnemyrke Lidir.

Det var Posten me hadde aa trøyste oss med; den
henta eg paa Auma kvar Laurdag. Men det var ikkje
mange som hugsa oss no. Og dei som hugsa oss visste
kje korleis me hadde det. Eg kjende meg ofte pint av
baade det dei sagde og det dei ikkje sagde, — fann
Mistydingar og Mistankar i allting, og kunde gaa i Dagar
og Vikur og vera skjelvande sinna og sjuk yvi eit lite
Ord. Som andre Galningar visste at det eg får med var
Tull; eg torde kje nemne det med Hulda dessmeir; men
pine meg med det gjorde eg like ille.

Ikkje i Bladi heller fann eg Trøyst. Der magga mine
Uvénir seg gode og feite, og eg tottest sjeldan sjaa mitt
Namn nemnt, utan naar der var Tilføre til aa segja meg
noko mindre huglegt.

126

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free