Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og so var det Hulda. Og Tuften. Ho Hulda vart
helselaus, av di eg ikkje hadde Raad til aa halde Gjente
aat henne; og Tuften vart helselaus av di han var Son
aat Far sin... Han kunde ikkje liva. Han vilde døy
um ei liti Stund. Eg laag i svarte svenlause Nætar og
venta paa at Hulda skulde koma farande med ville Augo
og galne Faktir og skrike og graate: kom... han hev
Krampe; han hev Krampe ... han døyr! — Og so var
det tvo Milir veglaus Veg etter Doktar...
*
Det er November.
Savalen legg seg med Sukk og Brak.
Fraa Kveld til Morgon og fraa Morgon til Kveld
høyrer me Sjøen liksom jamre og stynja. Lange, brestande
Rullingar gjeng ut gjenom Isen; det smalar og smell,
knakar og knest; det høyrest kvævd Buring, Gøying,
døyvde Brak; snart minner det um Torebrulting djupt
under Jordi, snart um Skjoting og Kanonade langt
at-tanum Dovrefjell; so kjem det ein stutt, haas, vill Gaul,
som fraa ei druknande Løve. Ein gjeng og lyder og
undrast og vert veik. Det ligg som ein Otte i Lufti for
at noko kunde hende...
Eg hev teki til med ei ny Bok; ei Kvinnesogu. So
gjeng eg att og fram millom Nystogo og Gamlestogo,
fraa «Boki» til Tuften, fraa Sengi til Bords. Romanen
fær meir og meir Tak paa meg; snart sit han inni Heilen
min og ét og gneg som ei Forgift. Eg kann ikkje bli
kvitt han; eg skriv baade naar eg skriv og naar eg
kviler; skriv naar eg er ute og gjeng; skriv naar eg fær
meg Mat; naar eg er Barnegjente, naar eg les, naar eg
søv; det myr og masar i Heilen min stødt; det er Bilæte
og Tankar, Sinne og Glede, Moro og Hat i pinefull
Skifting; Hovude er som ei Maurtuve; det er som Heilen
glødde og vilde gaa i Brand.
127
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0129.html