Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og Sjøen burar og brakar i lange Nætar; det er som
Trollrop og Trollstaak fraa Fjell til Fjell. Kannhende
lagar dei til Likferd i Rundane; Rundekongen er daain
og Rundefolki græt. Eller det er Tronfjell-Gygri som
hev sett paa Gryta og vil koke seg godt Sod til Jol,
Mannkjøtsöd, Barnesod... «hei! Kall uppi Storhø! veit
du feitt Slagt, fint Slagt... Kall uppi Storhø ?» Kailen
i Storhø tegjer ei lang Stund. So burar det: «hei, Gygr
i Tronfjell! Eg veit feitt Slagt, fint Slagt... du Gygr i
Tronfjell!» — Ei Stund etter knakar det i Troni att:
«Kall uppi Storhø! Kvar er feitt Slagt, fint Slagt...
Kall uppi Storhø!» — «Paa Kolbotnen er feitt Slagt,
fint Slagt; Tuftekall heiter Bukken... Gygr i
Tronfjell!» — Og det rumlar og ringlar i breidaste Tron;
no teg Gygri til aa kvesse den gamle rustne
Slagtekniven.
Det er smaatt med Svevnen all Tid her; og dersom du
visste alt det Tull eg ligg og bryggjer ihop um Nætane,
vilde du sende Doktar og Fut her upp og faa meg sett
fast med same. Naar eg er i mit likaste Lag, døyr eg.
Eg fær Slag; desse Svimringane eg hev stundom vert
til Slag, som rimelegt er; og so døyr eg. Fyrr eg
sloknar, raar eg med meg att ei Stund; i den Stundi segjer
eg so og so mange merkelege Ord; og dei vert
upp-skrivne og kjem i Bladi. So er eg daain. So er det
Lik-ferdi. Den skipar eg til paa ymis Vis; stundom er det
berre ein Flokk Bohemar og Lurvar fraa
Arbeidarsam-funde og andre Ranglehol som gjer meg den siste Æra;
andre Gongir er Studentane ute med sine Fanur... og
Arbeidarane like eins ... og Bokfolk, og Kunstnarar, og
radikale Damur... full Stas; eit Songarlag syng yvi
meg, og den eller den unge Literaten held ei stor Tale ...
der han paa ein merkeleg Maate fær fram alt det som
eg sjølv gjerne vilde høyre sagt; han talar so eg vert
128
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>