Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
heiltupp kløkkt der eg ligg — i Sengi, forstend du; og
heite Taarur trengjer seg fram millom dei svevntunge
Augnakvarmane. Kven skulde no trutt at eg var so
mykje til Mann! — fælt til intelligent Fyr, denne unge
Literaten.
Er eg i Ulag, drøymer eg um Fatig-Kassa, eller lagar
ei Sogu um, at Hulda og eg tek Guten imillom oss og
gjeng paa Sjøen. Dagen etter stend det aalvorsfulle
Artiklar i alle Blad... sjølve Christian Friele brukar Orde
«beklagelig» ... berre Kaninbladi er ufysne; fulle av
Lygn og halve Skuldingar.
Eller eg vert galin. Det kann gaa fort slikt, naar
Heilen er so utmødd som min er no, og ein i det heile
hev lite aa staa imot med; det kann koma som ein
Styng, som ein vond Tanke ... ein ser ei skræmeleg Syn;
sét i med eit remjande Skrik; flyg galin yvi Benkir og
Bord; slær sund, riv sund; er i Livs Naud; triv Øks
eller Kniv; Rakekniven; vil verja seg; høgg, skjer, drep;
slær Kløane i Barken paa Folk og trur ein kverkjer ein
Trollkatt... Tenk um eg kom farande der inn no,
remjande, ravgalin; drap Hulda, slo Skallen inn paa
Tuften ... Eg fær Skjelta der eg ligg; maa upp og drikke
Vatn.
Men naar det er som verst med meg, finn eg ut at eg
maa bli epileptisk. Desse Svimlingane eg hev ... slik
ei Svimring kan godt vera Ækvivalent for eit Fall. Ein
god Dag bryt Sjukdomen ut; kanskje i Natt; kanskje i
næste Sekund... spenne og sparke; snorkle; Fraude paa
Munnen; Tennane i Tunga — hu; eg kjenner alt slike
rare Kriblingar. Arbeider meg inn i ei Rædsle so eg
maa kveikje Ljos, og kanskje slaa paa meg ein Dram
eller tvo, fyrr eg vinn meg yvi.
Eg freistar aa lesa meg i Svevn; men alle Bøkar er
faarlege. Det er Sjukdom og Sorg og hjelpelaus Sut;
129
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>