Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Live er strengt; me er raadlause alle. Um eg hadde
hundra Doktarar um Sengi mi, og alle mine beste
Vé-nir, og um dei vilde gjeva Live for meg... kom det til
Aalvor, so kunde dei kje hjelpe meg det Grand. Gud ? —
hu, ikkje tenkje paa Gud. Er det sant at han kann
hjelpe, og endaa læt det gaa som det gjeng... han er
kje nervøs, han! — Stengt, stengt allstad; kvar Sekund
kann det koma, og ingin Utveg... utan Dauden som er
det styggaste av alt. Eg er som eit jaga Dyr; Mord um
meg paa alle Kantar, og framfyri meg eit fælt, svart
Stup. Dei andre Dyri er i same Naud; kann ikkje hjelpe;
hev nok kvar med seg; i Stupe maa me, den eine etter
den andre, anten so me læt eller græt.
Ein Kjenning i Utlande hev sendt meg Lombroso:
Der Verbrecher.
Eg hev sét paa Boki so vidt at eg hev vorti rædd.
Den tor eg ikkje lesa so lengi Nætane er myrke.
Men so fær eg Brev, at Eigaren maa ha Boki attende;
eg sét meg daa til og les; og Boki fær snart slikt Tak
paa meg at eg ikkje kann sleppe ho att; ein Kveld tek
eg ho med meg til Nattelesnad.
Ei genial Bok; ei skræmeleg Bok. Fy som me er Dyr;
skitne, ufysne, utuktige Dyr... der er kje det fæle som
upp læt seg tenkje, utan at me hev det eller hev havt
det; Mann-Eting, Kjonsperversitet av alle svinske Slag,
Epilepsi, Hysteri, Galskap; Sjæli sjuk, Kroppen abnorm;
soleis og soleis ser ein Brotsmann ut; Augo blygraa;
Øyro store og stend rett ut; lite og tunt Skjegg; store
skeive Kjakar; han er stundom reint loke-fager, men for
det meste stygg; der er vond Arv i Ætti; han er letlynd,
lauslynd, stormannsgalin, kjenslelaus; paa sjølve
Kroppen er han kjenslelaus; og serskilt er aa merke, at han
ofte hev mindre Kjensle paa den eine Sida av Kroppen
enn paa den andre... Eg ligg og les med Rædsla dir-
130
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>