Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rande under Bringekvelven. Mangt av dette kann passe
paa meg. Eg er stygg; hev lite og tunt Skjegg; der er
vond Arv i Ætti; Lettlynde og Lauslynde hev det vori
nok av, og Arti er i meg: eg hev snytt ein Mann for tvo
Kronur ein Gong, med full Vilje og Meining. Rett som
det er tykkjest eg merke at eg hev svært so lite
Hud-kjensle paa den eine Leggen... Rædsla skyt Rygg;
Hjarta stansar; eg kjenner paa den andre Leggen...
jau, ved Gud; kjenner paa baae Leggine, knip, klorar,
riv; — jau! — Rædsla fossar inn-yvi meg som eit grønt
Hav; Skjelten tek meg; Viljen er magtlaus; no kjem
det... no___ Eg velter meg upp; riv Klædi paa meg;
ut; inn i Gamlestogo; maa kje vera aaleine no ...
Konjak –
— Eg drikk Konjak; det hjelper ikkje. Eg drikk
Nafta; det hjelper ikkje. Ho Hulda maa upp og kveikje
Eld paa Aaren og lesa Voltaire for meg; etter eit Kav
paa ein Times Tid eller tvo hev eg vunni meg yvi. Kva
det var eg var rædd? — Gud veit. Alt; inginting; det
var Pan-Skræmsla, Skog-Støkken ... «Uf, du skræmde
meg so!» — jamra ho Hulda.
Sidan gjeng eg ute i Snøen og driv, til dess det tek til
aa ljosne. Enno er eg utrygg; enno gjeng lette
Skjelte-flagur gjenom Holde; halde seg ute er best; og so tenkje
paa glade Ting.
Men det finst ingi glade Ting. Alt er myrkt eller
kaldt; eller ufysi; og det som er godt er der alltid ein
Tvil ved, eller ein Otte; eller det fører innpaa andre
Ting, som ... tenkje paa Inginting.
«Eg sadla min Støvel og beitsla mitt Sverd,
so batt eg Merri ved Sidunn;
so drog eg ut paa Kattemordsferd ...»
Nei. Huff; Kattemord ...
131
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>