- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
132

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Tor Brynjulf sat utmed Kamarvegg.
pirirum.

Han kjemde sitt Haar og han bysste sitt Skjegg,
piri ekstram,
doridaram,
doridaram,
doridam;

piri ekstram, pirum!»

Ja; den er bra.

«Tor Brynjulf sat utmed Kamarvegg,
pirium;

Han kjemde sitt Haar og han bysste sitt Skjegg...»

Eg kjem til aa tenkje paa Harald Haarfagre. So
hugsar eg Finnedotteri Snøfrid, henne han var so glad i,
at daa ho døydde vilde han kje grava henne ned, men
vart sitjande yvi Like Dag og Natt, til dess ... hu! —
Nei; noko anna:

«Mitt Navn er Løitnant Flotting,
min Stilling og min Stand
er Løitnant og Dagdriver paa Karl Johan.
Tralala lalala!
tralala lalala!
Og derfor saa er jeg bestandig saa glad!»

Men so hugsar eg denne Sogo um Løytnanten i
Trondhjem, han som drakk ei fjortan Aars Gjente full og —.
So kjem det sosiale Spursmaale veltande graatt og
langt, vonlaust og endelaust som ein Midgardsorm–

Himilen er so klaar at han synest svart. Det er som
eg ser ende inn i dei siste Grunnar. Paa den svarte
Himilbotnen stend knitrande kalde Stjernur og
blaa-lyner. Ein likbleik Maane er just komin upp, som
Lasa-rus or Gravi. Kald og huglaus gløser han ut yvi
stivfrosne Viddir, der i det høgste ein skræmd Rein vildrar
ikring uppunder ei Hø... og so eg, endaa meir skræmd,
endaa meir rædd, langt inne i stengde Lidir.

132

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free