Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Diessen am Ammersee, Bayern,
August 1889.
Etterskrift. So skulde Kolbotnbrevi mine ende
her. Det hadde me nok ikkje tenkt, nokon av oss.
Men der var ikkje Raad med det, sj’u.
Og Synd vilde det vera um eg ikkje var glad no.
Ammersjøen er venare enn Savalen, og Alpe-Gjerde
gildare enn Tynnsetfjelli; i Staden for Husmannsstogo i
Kolbotnen hev me den fagre ljose Landsbyen, og Poplar
og Plommetre for svarte Furur. Her tarv me kje gaa
og vente i Dagar og Vikur paa aa faa sjaa ein Baat som
stemner mot Land; Eimbaaten kjem og gjeng fire
Gon-gir um Dagen. I Staden for Sætrar og Baatnaust hev
me rundt Sjøen kvite koselege Landsbyar nedvaksne i
Lauv, og rett yvi Sjøen i Staden for Tron Klostre
An-deks med sine rike Lundar og det høge Taarne mot
Hi-milen. Vert me leide av aa sitja heime, so kann me gaa
i Gattinger eller upp-i det 900 Aar gamle Diesenklostre
og eta Nyresteik og drikke 01; og der er det Folk, so
me tarv ikkje vera aaleine heller. Det hadde aldri gjengi
oss godt, hadde me kje komi ut no. Men Sogo um,
korleis me naadde hit alle dei lange Vegar med Tuften paa
Armen og knapt med Mynt... den skal eg fortelja deg
ein annan Gong, kanskje.
No vil eg berre setja Slutt paa Breve mitt; og so skal
du med same faa høyre, korleis det kann gaa til, at ei
vond Tonn driv ein norsk Bokmann ut or Land og Rike.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>