- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
134

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men det sleit seg fram lell. Trøytte og klenvorne var
me jamt og samt; men snart var det den eine som var
klen og snart var det den andre, so det var alltid eit
Grand Umbyte.

Elles hadde me kvar sitt. Eg hadde mine Boksorgir,
og ho hadde Tuften.

Veslekar var meir uroleg um Nætane enn ho brydde
seg um aa fortelja meg. Sistpaa hadde ho misst
Svevnen, ho med, so ho fekk lite sova anten han var roleg
eller ikkje.

Det vart til Hovdaverk og Nervetilfelle. Fillegreidur
og Develskap. Hente Doktar naar han er fire og tjuge
Kilometer burte og ein ingin hev aa sende, det vert ikkje
av; og so vart det til det at me sjølve maatte vera
Dok-tarar. Men naar den eine Nerveveikingen skal vera
Doktar for den andre, so veit du koss det gjeng; han vert
sjuk sjølv og gjer den sjuke sjukare.

Og so det at ein er so faavis. Mang ein Gong maatte
eg banne meg sjølv for di eg visste so lite av det som
kvar Mann burde vita, men som Folk hev funni det
klokt at berre Doktaren veit; Lykka for oss som for
andre Lækjarar var, at den sjuke vilde koma seg.

Og for kvar Dag vart Lufti ljosare; Soli steig og steig;
no klara ho Aasen; snart var ho høgt yvi Aasen; ut i
April vart ho so varm at det draup fraa Take i
Middags-stundi. Aa, desse klaare, klinggande Dropane; desse
fyrste sæle Bod um berr Jord og Vaar! — me kunde
sitja og sjaa paa deim med Augo vaate av Glede.

Sterkare og sterkare vart Soli; Snøen blautna i
Bakkane; i Slutten av Mai kom Førefalle, — den glade Tidi
naar ein ikkje kann koma fram korkje med Slede eller
Vogn, korkje paa Styvlar eller Ski, korkje med Skeisur
eller Baat; denne glade Tidi daa ein kann segja til seg
sjølv: um tvo-tri Vikur...

134

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free