Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ovanpaa den seks Fot tjukke Savalisen flaut det med
Vatn. Fyrst inn med Land; so yvi det heile. Sjøen var
svart. Me gjekk ned med Strandi kvar Dag og saag etter
um det ikkje snart skulde taka til aa losne inn-ved Land;
jau; sistpaa var der ei Rivne. Hurra! — Den Rivna
vaks; og fleire kom til; snart var der Raak; og me saag
ned i sjølve blanke Savalvatne.
Me lengta etter Vaaren so me gjekk sjuke. Eg som
aldri gjer Vers laga ihop til ein Tone av meg sjølv noka
som eg kalla
S o 1 b ø n.
Kom med Liv og lange Dagar,
Liv for Lund og logne Aas,
Liv for Eng og Skog og Hagar, —
herlege Gud Helios!
Høgtid gild me daa deg lagar,
herlege Gud Helios!
Kom med Glans um Tun og Tindar,
Sogull skirt paa Sjø og Foss,
Sus av sæle Sümarvindar, —
herlege Gud Helios!
Bløming blid paa Rygg og Rindar,
herlege Gud Helios!
Kom med Vaar og solrik Sümar,
Fugledans i Krok og Kross,
Kvitring, Bræking, Langlur-Omar, —.
herlege Gud Helios!
Laat og alle linne Ljomar,
herlege Gud Helios!
Kom med Liv og lange Dagar,
Liv for Lund og Fjell og Foss!
Høgtid gild me daa deg lagar,
herlege Gud Helios!
Helg for deg i Höv og Hagar,
herlege Gud Helios!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>