Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ja; Helios kom. Men um det kann ha vori for det at
han, Hellenaren, ikkje lika dei barbariske Versi mine, —
nok er det: han kom ... med mykje fagert og godt, veit
du, men ... han kom med Tannverk.
Og som det so ofte gjeng, at det er den skuldlause
som maa svide: det var ho Hulda som fekk Verken;
ikkje eg.
Det var no ho som tolde han minst au. Ho hadde i
denne Vinteren havt det verre enn eg visste. Svevnvill
og utmødd gjekk ho og drog s eg, gul og graa som var
det Dauden ho bar paa; og no daa Vaaren skulde koma
med betre Dagar, med Driving i Skogen og Svevn um
Nætane ... jau Takk, no kom det verste.
Det var den isende kalde Vaarvinden som gjorde det.
Snøtiningsvinden.
Sidan skiftest Tuften og Tannverken um aa taka
Svevnen fraa henne. Det var ikkje nokon vond
Tannverk; det var berre Smaamurring, so ho hadde kje Hug
til aa ofre Tonni heller; gjekk daa med ho Tid etter Tid;
bruka Husraadir og Tanndropar; trudde det maatte gaa
yvi; det same trudde eg; og um eg no hadde gjort eit
Par laake Vers... Heljios hadde sét laake Vers fyrr,
han.
Men Tonni vart verre og ikkje betre. Snart gjekk ho
Hulda som i ei Halvørske. Aldri Svevn, aldri Ro. Ho
kom so langt at ho vilde ofre Tonni; men daa var ho
for klen; det var ikkje greidt no i Vaarkalden aa koma
til Doktaren.
Daa vart det rangstelt i Kolbotnen. Eg skulde skrive;
den vesle skulde hava sitt Stell, og ho —! — Rett som
det var tok ei ny Tonn til aa verkje.
Det gjekk paa Vite reint. Nei, so stod ho upp ein
Dag og klædde paa seg. Ho vilde til Auma. Der budde
Strømsengen. Han var ikkje Doktar. Men han skulle
136
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>