- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
137

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vera glup til aa taka ut Tenner lell. Det fekk gaa som
det kunde; av Stad bar det.

Han Esten Vangen fylgde; eg maatte vera heime og
vera Barnepike.

Ho kom til Strømseng midt paa Natti, livlaus mest.
Strømseng tok den eine av dei vonde Tennane. Den
andre brotna.

Ho hadde fari med Tannverk og kom heimatt med
Tannverk; men han Esten hadde vori paa Apoteke paa
Tynnset og fengi Morfindropar. So sov ho i nokre Nætar
paa deim.

Nei; so tok det til i endaa ei Tonn; Fanden spare!
Snart var heile Hovude i Brand og som ein einaste Verk;
og eg trur ho leid meir vondt end alle Martyrane i
Kyrkjesogo.

Me fekk Strømseng upp til oss ein Dag; han laut
freiste ein Gong til. Ja; den eine av Tennane fekk han.
Daa han skulde til med den andre kjende ho seg for
veik. Ho torde ikkje. Det fekk heller vera.

So tok det til aa verkje i heile Tanngarden. No vart
det raadlaust reint. Bera eller breste; — me maatte til
Tynnset.

Dette vart ikkje nett nokon Morotur, veit du. Yvi
Sjøen kom me; men i Osen var der ikkje Hest aa faa.
Det var daa aa gaa til næste Sætergrend. Ja. Ho Hulda
forklaara meg kva eg maatte gjera, dersom ho skulde
koma til aa uvita for meg nedi Skogen; so stabba me i Veg.

Me gjekk tie Stig um Gongen; so kvilde me. Eg
greidde ut for henne, at kunde me ikkje faa Hest i næste
Sætergrend heller, so fekk ho leggje seg til der med
Tannverken sin; og eg fekk gaa aat Bygdi. «Eg klarar
det ikkje,» sa ho. «Der er ingi Raad med det,» trøysta
eg henne. So gjekk me att; og so kvilde me. Me bruka
ein Time paa den Kilometeren.

137

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free