Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men me naadde fram.
Ingin Hest. Ho fekk ei Seng og lagde seg; laag so
der og halvørska. Eg torde korkje gaa eller vera.
So kjem av eit Slumpehøve han Jens Stortrøen
rus-lande med Kjerre og Hest. Han var hjelpsam mot oss;
me skulde faa laane Køyregreida hans; men fyrst maatte
han uppi si Sæter. Ja-ja; i Guds Namn ... Der laag me
daa og venta og venta. Eine Timen gjekk og den andre
kom; no kunde det snart ikkje vera Tanke um aa naa
Toge.
Sistpaa kom Jens. Kjerra hans var ikkje fin; Sæter
eller slikt fanst ikkje; men me fekk endaa vera glade.
Og so laga Sæterfolke ein Høysekk i Stand som ho
Hulda kunde sitja paa. Ein Skinnfeld til aa hava yvi
seg fekk ho au; for det leid til Kvelds og vart kaldvori.
Jens fylgde med; han saag at det kunde turvast
Folkehjelp her kanskje. Nedyvi bar det.
Skogvegen er lite køyrande for friske Folk; men slikt
kunde me ikkje bry oss um; det galdt berre aa naa Toge.
Hulda sat og seig ihop paa Høysekken sin; eg gjekk
og studde til Armane dovna.
Me naadde ned! — Gud veit koss det gjekk til. Og
so i Baat yvi Glaama; og so i Sprang upp Vegen til
Stasjonen... Toge rusla i Veg med det same me kom;
me vart kasta inn i ei Vogn og var berga.
— So langt.
Men daa me kom til Tynnset, var det ikkje Tanke um
aa gaa til Doktaren den Kvelden. Ho var for klar. Ei
Natt til fekk ho herde; ingi Raad med det.
Morgonen etter kom me til Doktaren, øydelagde av
Svevnløyse og Morfin. Han skreiv upp Soveraadir til
oss: Brom, Chloral, Opium; og Tanndropar fekk me; og
Cocain, og Antipyrin, og alt fælt; men Tennane torde
han ikkje røre.
138
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>