Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bitar og Brot av Jøtnar eller Troll som her i gamal Tid
vart mjølneslegne eller gjekk i Stein for den stigande
Soli. Sunnanum og noko ovanum Stogo ligg det ei
veldig Kongskrone, noko skakk etter sitt tunge Fall fraa
Jøtunskolten, men elles gild. Tett nordanum hev eg
Knudaheiberge, som er ein steingjengin Trollfot.
Kne-Leden, som er bøygd i tolleg rett Vinkel, er fallin
nord-yvi, so at Laarstubben tøygjer seg hit-imot Huse mitt,
og Leggen, noko brotin, strekkjer seg austetter.
Fire-fem Famnar høgare enn Husmøne mitt lyfter dette
Berg-knée seg, med mange hardslipte Jutullsteinar burtetter
Vinkelen sin, jamn som ein Kongsveg; bygd av Stein
og duka med Lyng og fin Steinmose. Gildt er det aa
gange der uppe og sjaa ut-yvi Rike sitt som strekkjer
seg fraa Sud til Nord lenger enn eg kann sjaa, inneringa
av Fjellheimen og den solblanke Sjøen.
–Det lid til Kvelds. Eg vil uppaa dette Troll-
Knée. Eg vil sjaa paa Verdi mi. Sjaa Soli naar ho sig
og legg seg til Ro i si silkeblaae Hav-Seng. Og
Hav-guden vil eg sjaa, den æveleg unge, som smiler so blidt
naar han tek imot den straalande, svevnblide Bruri si.
Det er slik ein fager Fyrisümars Kveld; Sjøen den
blanke han blinkar og han blunkar ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>