Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Verdi. So no kann du tru eg vert ikkje god aa
nappast med.
I Gjærkveld daa eg gjekk der uppe og saag denne
vene vide Verdi i Maaneskin, vart eg sorgfull og tenkte:
aldri i ditt Liv kann du maale eller skildre slikt. Det
er for stort; det er for vent; det er for mykje. No græt
eg ikkje lenger for det. Kunde eg skildre Rike mitt, so
kom Jæren paa Mote, og Farafanten kom drivande her
ifraa og der ifraa og sagde «storartet». Dermed hadde
ikkje eg meir her aa gjera.
Det er den største Lykke ein i desse Tidir kann naa:
aa finne ein Bustad som er trygg for Farafanten. Eller
for Turistflugo, um du so vil.
All Stad er ein i Beit med denne Turistflugo. Og
serleg all Stad der ein vil vera i Fred. Eg rømde til Rom
ein Gong; tenkte det laut vel vera Fred aa faa i den
heilage Staden. Fred? Det eg fann var Baedeker. Kor
eg kom og gjekk: Baedeker; Baedeker; Baedeker.
So misste eg Resten av Tölmode mitt; eg tenkjer ikkje
lenger paa korkje Arabs eller Faraos eller Israels Land,
endaa desse Draumheimane alle Dagar drog meg. For
um eg vilde gøyme meg i Skogane paa Libanon eller i
Berg-Kluftir attunder Sinai, for Baedeker var eg ingin
Stad trygg.
Lengi kann ikkje Turistflugo liva. Ho er seg sjølv
ufysi; det er seg sjølv ho flyr. Men di meir ho flyr seg,
di meir finn ho seg, og di ufysnare vert ho seg. Berre
Millionherrar kann no gjera hugsame Ferdir, dei som
kann koste seg Ser-Timar all Stad, og soleis fri seg for
Flugu-Skreidi. Men snart er her so mange
Millionherrar at det vert Fluguskreidir av deim med; og daa
kjem Enden. Daa vert det kje fint lenger aa vera Turist.
Og daa kann me utvalde eller utskotne gjeva oss paa
Fantestig att som i gamle Dagar.
154
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>