- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
155

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men til so langt lid fær me gøyme oss, som eg her
hev gjort. Og sæl er eg, at eg fann denne Tufti i
Und-heimsmarki!

*



–Huff; no lyt eg vel til med dette Matstræve

att. Og eg hev ikkje havt varm Mat paa tri Dagar;
Koking maa til. Som vel er liver me i
Hermetik-Aar-hundrade. Klokka? — Au, seks. Naa! Never mind, all

right; so ét eg til Kvelds med same.

*



Dagen etter.

Fint og trygt ligg Stogo mi paa sin vesle Lyng-Rabbe
att-under Knudahei-Berge. Ho er bygd etter gamle
Jærbu-Maaten; for det var det, veit du, at eg vilde
heim.

Ein Ting vantar i Knudaheio: Vatn. Det var ein
Martsdag ifjor eg var her og handia; daa fossa og
fløymde det all Stad. Men no er her kje anna enn ein
ørlitin Bekk. Og den minkar og minkar kvar Dag. Han
vil vera burte fyrr eg varast, segjer dei. Den
Vats-Renna som er innlagd i Kjellaren min kann ikkje heller
hjelpe meg; ho fører eit Myrvatn som ikkje vert reint
i dette Aarstale. Men ein fær taka Verdi som ho snur.
Um Bekken turkar, so er det ei Tjørn iier upp-millom
Bergknausom; den kann halde meg med Vatn um det
so var til eit Kvednafall. So eg tyrster ikkje ihel, kva
Daude eg so elles skal røyne.

Trygg sit eg daa her paa mitt Hlidskjalv og raar yvi
Rike mitt. Der ute ollar Have, alltid veldigt og ungt.
Men attum meg hev eg Fjell so gamle som Verdi. Store
er dei ikkje, som sagt. Men Røynsle hev dei. Meir enn
andre Fjell; for dei hev havt ein strengare Lagnad.

olla: «bølge».

155

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free