- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
156

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skavne og slipte gjenom Aarmillionar av
Fimbulvinter-Is fraa Polhav og frosne Innland slog dei seg igjenom
naar andre Fjell hadde vorti maine til Sand og baka til
Leir. Toppar og svære Akslir misste dei; no stend dei
kløyvde og sundsprengde og underleg laga som Borgir
med brotne Tak og skeive Kuplar og Ryggir; men dei
stend. Og av Bergslipings-Auren blanda med Havsand
laga Jæren seg og vart til ei Grønlands-Strand, der
ukjende Nordsjø-Folk fikta med Kval og Kvitbjørn i
Hav-Isen gjenom Heimsaldrar.

No er her rolegt. Jæren er bygd; og Jærbuen strævar
med Stein og Lyng i Staden for med Kval og Hav-Is.
Fjelli er som Jøtunheim i Røys, med Knaus yvi Knaus
og Ryggir og Urdir og Smaa-Tjørnir og lange Votn, og
Æar som smøygjer seg kvite og stride fraa Vatn til
Vatn gjenom Steinrøysir og Hyljarglup og svarte
Trollbotnar. Men her og der attum ein logn Bergvegg, paa
ein grøn Bakke ned-mot eit Vatn, hev Folk klora seg
fast, og liver der sitt Fjellmanns-Liv, sterke og friske og
endelaust arbeids-seige.

Smaatt um Senn tek eg til aa kjenne meg att, her i
Steinheimen likso vel som paa Jæren i Haugheimen. For
eg er kjend fraa gamalt i Fjeldlo med. Eg dreiv Smale
og stundom gjætte upp-etter her i mine Smaagut-Aar, og
livde mang ein Dag dette fordrøymde vestlandske
Gjætarliv midt imillom Æventyr og Kvardag, so det er
som eg enno høyrer Rop og Langlaat millom Berg og
or Aa og Tjørn, naar eg gjeng so og sviv ikring
Knausane.

Og underleg aaleine vert eg her millom Minne og
halv-gløymd Draum. I mitt syttande Aar får eg heimanfraa;
mest ein Mannsalder hev eg vori burte; ingin kjenner
meg lenger; og ingin kjenner eg. Eit gløymt Liv er det
eg liver upp att. Ei ny Ætt hev vaksi til, med eit Liv

156

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free