- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som eg lite veit um og ei Sogu eg ikkje hev vori med i.
Sjeldan raakar eg eit Menneskje eg ein Gong hev kjent.
Daa lyt me gamle Kjenningane gjera oss kjende med
kvarandre paa nytt so godt me kann, og sjaa aa naa i
kvarandre att yvi det mykje og mangt-slag som hev
vaksi upp imillom oss.

Alt er nytt so gamalt det er. Ikkje minst framand og
ikkje minst kjend er denne gamle underlege Bergheimen.
Minne møter meg som Skrymt ved kvar Stein. Rundt
ikring paa Haugar og Høgdir og Ufsir og Berg ligg og
stend og stundom mest heng, plent som fyrr og endaa so
utrulegt, Jøtunsteinar, tunge og svære og glatte, slipte i
Tusund-Aars Is, Trollsköt som flaug Tor Aas um Øyro i
Striden mot Ymes Ætt, men datt magtlause ned og vart
liggjande. Og vert liggjande. Til Ragnarok. Eg hev
sét deim fyrr alle. Lenger inne ris større Fjell,
Tusse-borgir, Trollheimar, meir og mindre sprengde og
sundslegne av Tordyn og harde Magtir gjenom Endeløysur
av Tid; dit inn berga den Jøtundomen seg, som Tor
ikkje fekk slaa, og fører der sitt Natteliv enno. Ut
vaa-gar ikkje Trollskapen seg lenger, so ein fær sjaa ’n;
men at han er til, skynar eg av Livløysa her; i slik ein
Audheim maa Troll trivast. Paa Litla-Undheims Fjelle
er der enno eit Grand Skog; den ser eg ikkje i
Knuda-heio. Knapt den armaste Bjørkekrøkla vaagar seg fram
nokon Stad, so vidt mine Vegar og Augo rekk; ein
Myr-flekk gulgrønkar her og der; elles er det Lyng og Stein,
Stein og Lyng, allstad og alltid. Og mest Stein. Graa,
tung Trollstein, rundslipt smaa Dvergstein, upp og ned,
ned og upp; og Røysir og Urdir under Ufsine.

Men endaa er eg heime. Er eg sjølv av Troll-Ætt?
— eg trivst. Stundom sit eg her og gløymer aa skrive;
stirer ut gjenom dei smaa-rutute Glasi og minnest so
mangt, og gløymer meir; alt eg hev fari med ut i ei

157

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free