Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
onnor Verd glid undan. Eg hev visst berre drøymt det.
Er ein meir Vokstr enn ein sjølv veit um? — med lange
løynrøtar i ukjende Grunnar ...
— Ein liver paa ein serskild Maate i si fyrste Tid.
Liver meir heilt i det ein er i. Naar eg gjeng her upp-aa
«Høgeloftssalen» og ser ut-yvi mi gamle Verd, kjenner
eg, at i den maa eg ha livt annarleis enn sidan.
Barndomsheimen er noko for seg sjølv. Aldri noko vert so
inderleg vaart som det me fær inn fyrst, det me tek
upp i Barnesjæli gjenom friske Barnesansar og Hugar.
Eit serskilt Liv fær dette, av di det fær den friskaste,
reinaste Veksegrunn.
Jæren skulde ikkje vera noko sers. Minst totte e g
det, utan i Stundir daa eg gløymde meg sjølv og heilt
ut livde; og av andre høyrde eg visst ikkje Ros yvi
Heimlande mitt. Styggare og styggare syntest det meg,
di eldre eg vart helst. Og utan minste Sukk for eg der
ifraa. At det no kann sjaa so mykje annarleis ut, endaa
det er so plent det same ? eller ved det at det er so
plent det same? Desse Heidane og Myrane med Fjelli i
Aust og Have i Vest, det er det einaste av Land som
rett kjem meg ved i Verdi. Andre Stadir kann vera
vene. Dette kann vera vent eller stygt. Men det er mitt.
Og sistpaa vert det vent. Jamvel det som visst er
stygt her, — eg veit ingin Stad noko som i Grunnen
er venare.
Der maa vera ein Visdom i dette. Noko me hev
halvt um halvt gløymt. Men som me kjem til aa lære
upp att.
Eller hugsar eg noko som kann vera Maken til
Jær-Lande? Noko som kann tala so lint og vent til meg?
Fram blaanar fine Fjell i Nord og Aust og Sud. Store
er dei ikkje, men vene, fint laga, der dei i lange mjuke
Bylgjur dreg seg fram under Austhimilen. Dei hev noko
158
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>