Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
trygt og huglegt med seg, eit Lag og ein Lit so dei dreg
deg fastare til seg di meir du vert kjend med deim, um
du so i Fyrstningi lite agta paa deim. Jærbuen maa
helst ha vori «austanfyri» ei Stund, fyrr han lærer aa
sjaa denne Fjellgarden sin. Men so dreg det etter med ’n.
Me trøytnar av tunge Fjell i turr skarp Luft; og kjem
me daa heim, so vert dei smaae blaae Fjelli vaare vene
for oss. Me finn oss ein Flekk ved ei Aa attum ein Aas
eller ein Haug, — vil nok fyrst og fremst «sjaa Sjøen»;
men kann me dertil faa Synsleid upp til dei fine
Blaa-fjelli ovanjærs, so læt me rolegt Austlendingen braake
med sine Jotunheimar.
Meir og meir glad vert eg i Sudjærs-Heidane au no
(dei eg fyrr lite kjende til; fraa Garborg saag me deim
ikkje). Det er milevide Lyngmarkir og Utslaattir og
Torvmyrar, med her og der ut-imot Bygdine ein einsleg
Gard eller Plass. I rolege breide Drag stig dei sud-yvi
upp imot Synes-Varden, den eg so vidt skimtar her; so
kjem lengst sud Ogna-Fjell, og lengst sudvest Sjøen.
Men korkje Fjell eller Sjø ser eg herifraa paa den
Leidi; og der er daa Jæren fullkomin: berre Heid og
Himil, berre Lyng og Luft. Ein Villheim for seg sjølv
er dette. Det kann vanke ein Skyttar der so ender og
Gong, eller ein Lyngslaattar; til sine Tidir kjem ei
Torv-kjerre skranglande med si lange Grind; ein Heia-Gjædar
driv ikring med Smalen sin; det skvett ein Hare her og
der; ein Lom eller ei Ørn flyg; ein Hegre stend og
drøymer attmed ei Tjørn; elles ligg alt som i Trollsvevn.
Her hit-paa Undheims-Leidi er store Utslaattir, med
Høy-Løur upp-etter all Stad. Mykje Høy veks det ikkje
her paa udyrka Mark. Men det er godt, friskt Vallhøy.
G j æ d a r: Gjætar. — Smale: Sauir, Saueflokk
(kollektivt) . — Vall -(Voll-) høy: Høy av «Marker med fast,
naturlig Græsbund».
159
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>