- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
160

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rett ned-framfyri meg breider seg mitt Land. Og
lengst ute, fraa Tungenese til Ognafjelli, blenkjer Sjøen.
Med sin mjuke Blaalit bleikt skinande i Solglansen.
Fagert, fagert er Have, det paa Jordi som mest er Himilen
likt. Ein kjem som burt i den store Ro og den bleike
Glans; driv av i vidsveimde Draumar. Smaae stillfarande
Baatar ligg her og der og glid. Søv. Kvar dei skal av?
Fort gjeng det ikkje med deim. Men det er ikkje lengi
stilt paa Jærlands-Have. Dei kjem nok fram.

Sjeldan er Sjøen for Jæren so ven som i Dag, solblank
og blid, lat og trygg; det maa vera paa slike stille
Fyri-sümar Dagar. Daa laag eg stundom i Sjøen der nede og
lauga meg, under ei Sol so sterk at Sjøen fekk ein Lunk;
og Kuvungane kvitna upp-etter dei varme
Strandsteinane som fine smaae Lambedriftir. Men annarleis
hugsar eg Sjøen fraa Haustdagar og Vintertid.

Der langt nord og vest ligg Sola-Garden, der er og
dei Bröti som er att av den gamle Sola-Kyrkja.
Sjø-maalaren Bennetter eig Kyrkja no; han hev retta upp
det som lét seg rette upp av ho, og stelt ho um til ein
Kunstnarheim. Storslegt hev han det der; som ein
Hovding sit han i si Kyrkjeborg og ser ut-yvi Hafrsfjord og
Have. Og maalar Hav-Liv og Hav-Synir. Og dyrkar
Kyrk jegards-Hagen sin. Men nokon Erling Skjalgsson
hev han nok ikkje funni paa Sola1.

Store Draumar sviv det der. I Hafrsfjord vart Norigs
Rike til; den Gongen laag Norig med Have og høyrde til
Vest-Europa. Harald Haarfagre kviler ved Karmsund
nord i Buknafjorden enno; der fekk han i 1872 ein ny
Bautastein med Innskrift paa danskt Maal. Naah! i
Dag vil eg tenkje paa andre Ting...

Kuvung: «Sjønegl, Hvirvelsnekke». — Æar: Fleirtal
av Aa.

1 Bennetter er seinare daain.

160

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free