Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
garden, det er dei vissaste Vegane for Ungdomen paa
Jæren i desse Tidir.
— Der kjem Büje. Buskapen. Ja-ja; det lid paa
Kveld-ykti; Heimhugen vaknar. Raudsidute og raudflekkute,
svartsidute og svarte, blaadroplute, graaskjengjute,
kvite, alle kollute, ruslar dei her millom Tuvur og Stein.
Fint Biij. Det gamle Slage; kunde mest vera
Garborgs-Buje fraa mi Tid. Og truverdigt er det. Søkjer heim i
rett Tid. Veit kje av Sætrar eller Romantik; heime er
best; i det gode gamle Fjose paa Undheim. Det raskar i
seg eit Grand Etter-Non i Myri ovanum Stogo mi; siden
bér det ned i Kveldsbeite. Det gjeld aa brüka Tidi;
Mjølki tek alt til aa sprengje paa.
Sümarfridomen fraa gamle Dagar er gløymd; Markine
hev vorti inngjerde. Fyrr var her fritt og vidt: Buskap
fann Grannebuskap, og der vart mykje Kjennskap. No
er det Stengje og Steingjerde all Stad, so skrale dei er1;
og fraa Vaaren av er det Gjætarar. Kvar litin Buskap
vert upplært til aa halde seg i si eigi Mark. Og det lærer
dei alle, og saknar ikkje Fridomen.
Smalen, stakkar, som vyrder Gjerdi mykje mindre enn
Kui gjer, lyt finne seg i Vilkaar som er verre: kvar Sau
gjeng og hinkar med Hapt. Og daa kjem han ingin Stad
yvi. Utan han finn ein Stad der Gjerde er nedvelt; men
den Staden finn han ikkje naar han skal attende att; og
so vert det berre Møda. Mykje Møde hev Sauden au
serskilt med desse Lombi. Dei er tankelause, desse
Smaaingane, og flyg og fantar kvar som helst. Vil nok
gjerne fylgje Mor-Jure. Men kjem rett som det er av
Leid, daa visst so mykje at ei Mor kann bli uroleg. Og
med Håpte sitt kann ikkje ho fylgje deim. Livsvilkaari
Hapt (Haft, Hoft): Fotband, «Hilde».
1 Sidan hev det vorti Staaltraadgjerde ovanpaa Steingjerdi.
(Merknad 1909.)
162
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>