Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det er fem i alt.
Næst inn-aat Aasen, vestanum Vegen, ligg det som i
mi Tid var Husi (o: Huset) aat Smeden, «Huso hans
Sven»; dei var dei største paa Garborg. Og dei gildaste.
Dei var raudmaala og med høg kvitkalka Kjellarmur
paa Nedsida; Töka hadde brotne Gavlar i Nord og Sud,
og var tekt med fin blaa Hellestein. No er Huse
kvit-maala og hev fengi Tak utan Gavlbröt og med vanleg
Takstein, so det er snaudt eg kjenner det att. Den store
Smia som laag ovanfor Heimehuse og den store
Apla-hagen stend enno; men «Smeden paa Garborg» er vel
ikkje stort anna no enn ei halvgløymd Segn; alt
Handverk hev flutt til Jønnvegsgardane.
Nordanfor «han Sven» og Aplahagen hans laag
«Kys-sebærhagen» vaar og tett nordanum den att dei gamle
Husi hans Ola, eller i mi Tid hans Tønes. Han
Gamle-Ola livde elles eit godt Stykke upp i mi Tid; eg hugsar
soleis at han pota dei tvo Aplane i den vesle Hagen
utanfor Vindaugo vaare; han var av dei gode gamle,
han Ola, og kunde mangt. Noko lenger ut ifraa Aasen
hadde me Husi hans Aasmund, like eins gamle; dei vart
sidan rivne, og nye uppsette lenger nede og aust. Rett
sud av desse laag Husi hans Andriss.
Vaare gamle Hus laag i Kirsebærhagen, millom
Tønes og Aasmund i Nord og Sven og Andriss i Sud; men
han Far, som søkte betre Live, bygde noko lenger nede
og sud, austanum Vegen, rett imot Husi hans Sven;
der er det at eg er fødd og uppvaksin.
Men det var Husi hans Tønes eg mest kom til aa
tenkje paa der eg sat. Ein Sukk arbeidde seg fram;
Husi hans Tønes, dei siste av dei gamle Heimehusi paa
Garborg, var ikkje til lenger.
Staselege var dei ikkje, desse gamle Husi, etter Maa-
Tønes = Antonius. — Kyssebær: Kirsebær.
168
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>