- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
169

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ten no. Men etter den gamle Maaten var dei millom dei
gildaste. Og dei huglegaste og heimslegaste Husi var
dei paa Garborg i mi Tid. Eg trur au, naar eg skal
segja sant, at ymist av den Byggjemaaten som i deira
Tid var i Brük, kjem upp att, naar Folk hev freista det

nye so lengi at dei ser kva som der vantar.

*



Lat meg skrive upp det eg hugsar um denne gamle
Byggjemaaten! Du spring berre yvi det, du1.

Huse var laagt, og torvtekt; dermed fekk ikkje
Vinden noko Tak. Og det hev mykje paa seg paa Jæren.
Bordklædningi var reist og Vindaugo smaae, med
Ru-tune innsette i Blyraamur. Grunnmuren naadde so
vidt uppyvi Jordskorpa at Huse stod turt.

Ei Stogu med Kove og dertil Gang («Entrée») og
Kjøk laut ofte greide seg; hjaa Gardfolk kom gjerne
«Buo» til. Denne hev vel fraa fyrsto vori eit Bur for
seg sjølv, men hev vorti flutt inn-aat Stogo og fest
saman med den, paa Nordenden helst, til Livd mot Vinden.
Difor var det vel au at me sette Heimehuse i Fleirtal
(«Huso» o: Husi). Bui vart for det fyrste verande Bu:
Gøymestad for gjæve Eignir, Klæde og dilikt; dertil
vart ho Storstogo, Gjestestogo, naar det «kom
Fremmane» som ein vilde gjera Ære paa. Gang og Kjøk vart
liggjande imillom Stogo og Bui; Kjøken inst.
Inngangs-døri var paa Vestsida; denne var livd mot Regn og
Storm med eit Utskot («Byslag»).

Paa baae Hus-Endane, eller daa visst paa den eine
(paa den andre var ofte Løo bygd til), var det smaae
Tilbygningar, «Skudar», som naadde upp i Høgd med
Stogu-Veggen og hadde Skaatak paa tvert; dei tok au
godt av for Vinden. Var det tvo Skutar, brüka dei den

1 Denne Byggjemaaten er i Grunndragi svært lik
Byggjemaaten paa Færøyane, segjer Hulda. (Merknad 1904.)

169

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free