- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
170

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Nord-Enden til Torv-Skut; den paa Sudenden vart
samanbygd med Huse til Stogu-Kammers; svara for Bu
og, naar so maatte vera.

Inne i Stogo var Vindaugo paa den vestre
Langveggen; Folk vilde snu aat Sjøen um dei so ikkje kunde
sjaa ’n dessmeir, som her paa Garborg. Ved den inste
Tverveggen stod Langborde, med Høgset-Enden
inn-imot Langveggen paa Vindaug-Sida; veggfaste Benkir
var det paa baade Langvegg og Tvervegg; øvst paa
Langveggbenken var Høgsæte. Borde naadde til um
Lag midt paa Tverveggen; der var Dør inn til
«Kam-merse». Innan-um denne Døri, ved Indreveggen, stod
Umhengs-Sengi vyrdsleg og breid; ned-ved Sengjefoten,
millom den og Kove-Døri, stod «Klokk’huse».

Kraai attanum Omnen var tiistelt aat dei gamle;
Seng-Rome deira var gjerne innbygt i Veggen der.
Omnen som var av Malm, einhøg og svær, var innfest i
sjølve Muren og hadde Uegg utanfraa.

Uppi Rote (Lofte) noko framanum Omnen var Stry
te-hole, der Stryta med Köla (Tran-Lampa) vart upphengd
um Vinterkveldane; der samla daa Husfolke seg.
Rokkane gjekk; Mannfolki med Knivar og Sylar stelte med
sitt; einkvan fraa Garden kom gjerne inn-um;
Skreddar eller Skomakar kunde vera i Huse, eller Skulen
stundom; det kunde koma eit Bygdemenneskje og. Daa
hadde Huse sine beste Samtalestundir; og dei gav meir
Hyggje og ofte meir Lærdom enn Kveldane no, daa
Mannen heng yvi eit Blad, og Borni sit og stirer i
kvar-si Bok ,og alle tegjer og Lampa oser. Strytehöle var og
i dei gamle Stogune ein ikkje so galin Luftingsglugg.

Enno stend det her og der att Hus av desse gamle;
men dei minkar smaatt um Senn. Umskifte kom med

svara for: «gjøre Tjeneste som». — ikkje so
galin: «ikke saa ueffen».

170

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free