Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Pannesteinen. Husi auka paa Høgdi daa; det vart meir
Lofts-Rom, og meir Kjellar-Rom med. Billegare Glas
hev etterkvart gjort Vindaugo større. Alt dette er godt.
Mindre hev det auka med Hushyggja.
Mest alt Byggjefang hev dyrna; dermed vert det
Rome ein lyt spara paa. Stogo og Bui minkar, helst
Bui; og Gang og Kjøk vert trengre etterkvart. Det vert
daa meir innknipi og mindre huglegt i Huse. Dertil vert
det kaldare um Vinteren og mindre svalt um Sumaren
med desse Panne-Tökune, som gjerne vil braake stridt
mykje au i all den Vinden. At Huse jamvel stundom
hev vorti «bordklædde» med Pannestein, det er noko
som vel snart vert avlagt.
No i det siste tek Bygningsskikken til aa skifte paa
nytt Lag. Det er vel fraa «Bystykki» dei laaner
Myn-steri no. Husi vert høgare, med serskilt høgreiste
Pannesteins Tokur; Skutane kjem burt, og der dei fyrr
livde vert Glas innsette. Dette, og so den smaae Timbra
dei brukar, gjer Husi mindre varme. Med mindre Rom,
og Romi meir Vegg i Vegg — Gang og Kjøk midt i Huse
kjem burt —, vert Husi au meir trongbølte. Det hjelper
noko at det er mindre Inne-Arbeid no, og at Born og
Ungdom sit meir bundne med Lesnaden sin, og soleis
held seg rolegare. Men endaa kann den Tidi koma, daa
Folk ser seg Bate i aa lære av dei gamle att. Desse nye
Husi vert utette og dragfulle og lite vinter-varme; og
det vil gaa som det gjeng so tidt: det gamle vel-røynde
Grunnlage vert teki upp-att og lempa til Rettes etter
dei nye Kravi som er komne upp; og daa fyrst fær me
det som trengst: ein ny Heim paa den gamle Grunnen,
Daa kann dei koma til aa hugse paa Husi hans gamle
Ola Garborg au.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>