Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Morgonen etter.
— Eg gav meg i Veg nord yvi Fören; den gamle
Heimvegen drog. Til Garborg bar det.
Eg kjende kvar Tuve, eg kjende kvart Straa, fraa
«Grovene» til den vesle Aai («Foren») heim-under
Aas-bröte. Snart stod eg paa den gamle Hellebrui, der eg
hev lagt etter meg so mangt eit Stig, og køyrt so mangt
eit drjugt Høy-Lass. Vatne i Aai tirde og blenkte, klaart
som fyrr; og ei Aure-Kjøe skvatt fram og minnte meg
um det rike Smaafisk-Live her i gamle Dagar. I det
heile var der Minningar kvar eg snudde meg. Nedan-um
Brui var den vesle Hylen, der eg mest bleiv ein Gong;
ovan-um den er den vestra Auno, og lenger aust
Kolle-hagen og Aunahagen der eg i noko meir tilkomne Aar
gjekk og rudde Engi saman med «Veslemøy» og av
henne vart førd inn i Huldreheimen. Der er den
Staden, og der er den; der hende det den Gongen,
og der det den Gongen...
Men di meir eg minntest og minntest, di meir var det
som det kolna ikring meg. Det vakna Augo som saag
paa meg. Framandslegt, underlegt saag dei paa meg;
er det du ? spurde dei. Er d u til — enno ?
Smaatt og stilt ruslar eg upp den gamle Høyvegen
vaar. Ser paa Raunane fram-etter Gjerdi; dei gamle
hev eldst. Süme er burtkomne. Men friske og
tankelause skyt nye seg fram. Eg kjenner ikkje deim; og dei
bryr seg ikkje um meg.
Men dei lange høge Steingjerdi som stend her og
gjæter og stengjer og grensar av som dei alltid hev gjort,
dei kjenner meg att. Og eg kjenner deim; snart sagt
kvar Stein i deim er meg eit Minne. Og Hjulfari i Vç-
Hyl: «dyb Kulp i en Elv». — bliva: drukne. — Aun
(Audn): «ubeboet Plads; Rydning». — tilkomin: ikkje so
reint ung (litin) lenger.
172
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>