- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
174

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Namne Garborg etter, men som ikkje ser fullt so
staut ut no, og kjem inn paa Aalmannvegen burtved
det gamle Eplehuse. Den fylgjer eg ned-yvi, med eit
gamalt Steingjerde paa kvar Side av meg. Det paa
Øvresida er elles ikkje Gjerde; det er ein Mur innbygd
i Bakken; Grasvollen ovanfyri ligg høgare enn Muren.
So kjem den lange Heime-Aakeren hans Sven; og so ber
det i bratt Bakke upp mot Helleren: klaare blaae Berge
som sting seg fram igjenom Jordskorpa. Ovanfor den
kjem Aasen hans Sven med ymist Berg, og nordanfor
den Aasen hans Tønes med «Pigjen». Der var det at
me «brende Jønsog» fyrr. Og der hev altid vori ein
Leikestad for Ungdomen, Mykje gild Leik hev gjengi
der; men det siste eg minnest kom det inn ymist som
knapt var godt. Som daa dei gav seg til aa «velte seg»
der uppe, rulle seg Par um Par ned yvi den bratte
Aas-bakken. Men Ungane stod og saag paa; eg hugsar eg
undrast paa den Leiken. Det var ein Skomakar som
hadde funni paa dette, ein fin, gild ein som hadde vori
i Byen og lært, og no gjekk dyffelsklædd og med
Øyre-ringar og tala fint; «jog» for jau, sa han, og «holla
Kjeft» for halda Kjept, og «bygga» for byggja, «Nabu»
for Granne, «Sort» for Slag; «eg anteg’e» for eg held
fyre; «beløba seg til»; «behøva»; «huska» for hugsa;
«høra»; «tjena» for tena; «spisa»; «ønska»; «se» for
sjaa o. m. sl.; han tala halvt-um-halvt Gudsord. So
trudde daa Folk denne Skomakaren godt, og var glade
med at han fylgde Ungdomen. Huff; huttetu. Dette
stakkars Folke.

Eit Par Ungdomar møtest eg med; segjer Goddag;
kjenner deim ikkje. Og endaa høyrer dei Garden til.
Det ser eg; for dei gjeng kvardagsklædde. Naa. Que

E p 1 e h u s: lite Jordhus til aa hava Jordeple i.

174

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free